Glasurgenerasjonen

AV ALF KJETIL WALGERMO

Mor mi og far min er assosierte medlemmar av dessertgenerasjonen. Dei bygde ikkje landet, men kan heller ikkje kallast 68-arar. Sjølv om begge hadde langt hår då dei gifta seg.

Mor mi og far min er assosierte medlemmar av dessertgenerasjonen fordi dei slumpa til å bli fødde etter krigen. Alle som er fødde etter krigen, tilhøyrer dessertgenerasjonen. Trudde vi. Det står til og med i Store norske leksikon: Ordet «dessertgenerasjon» blei brukt første gongen i Arbeiderbladet i 1966. Sidan er det blitt brukt om alle seinare ungdomsgenerasjonar.

Der ser ein kor stor definisjonsmakt vi i pressa har. Står noko på trykk i ei avis, er det straks ein del av det norske språket. Slik kan ein i alle fall like å tenkje. Sjølv om norske journalistar er langt skralare til å lage nye ord og kraftuttrykk enn kollegaene våre i britiske aviser.

Men det var denne dessertgenerasjonen. Poenget med å karakterisere ein generasjon er så godt som borte dersom ein kan bruke det same uttrykket om alle seinare ungdomsgenerasjonar. Og vi likar å karakterisere generasjonar. Det er ein viktig del av journalistikken.

Aftenposten hadde nyleg ein faktaboks der dei sette generasjonane på plass: Folk som er fødde mellom 1933 og 1945, tilhøyrer «the silent generation», altså den stille generasjonen. Folk som er fødde mellom 1946 og 1964, er «babyboomarar». Dei som er fødde mellom 1964 og 1975, er «generasjon X», mens fødeår mellom 1976 og 1998 gjev medlemskap i «generasjon Y». Eit anna namn på «generasjon Y» har byrja å breie seg i spaltene dei siste seks–sju åra, nemleg «glasurgenerasjonen». Ordet dukka først opp i Adresseavisa i 2003, i omtalen av studentarrangementet Uka. Den sjølvmedvitne Uka-gjengen uttalte: «Vi er glasurgenerasjonen, ikke dessertgenerasjonen. Og dét kommer til å bli et nytt uttrykk i det norske språk.»

Kanskje får Uka-gjengen rett? I skrivande stund har uttrykket stått på prent 84 gongar sidan 2003, ifølgje nyhendetenesta Retriever. Og om Språkrådet ikkje har plukka opp ordet allereie, skulle ein iallfall tru at dei les denne spalta …

Ja, glasurgenerasjonen er komen for å bli – enn så lenge. I Sverige brukar dei uttrykket «curlinggenerasjonen», om born med foreldre som går framfor og feiar. Curling har eg ikkje god greie på, men synest nok at glasur gir betre kontinuitet frå førre generasjons dessert.

Med min hang til gulrøter og lange arbeidsdagar er det vanskeleg å innsjå, men eg er altså assosiert medlem av glasurgenerasjonen.

Kanskje eg skulle invitere mor mi og far min på kaffislabberas?

 

-- Alf Kjetil Walgermo er kritikar, forfattar og journalist.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter