Artikkelsamling om norsk i skulen

Det første nummeret av Språkrådets skrifter har artiklar om nynorsk i lesebøker, valfridom i rettskrivinga, sidemål for minoritetsspråklege elevar og særskriving av samansette ord.

AV SVEIN ARNE ORVIK

Forside «Klamme former og sær skriving?»Samlinga har tittelen Klamme former og sær skriving? Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder og er redigert av Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet.

Elevar får mindre høve til å lese nynorsk

Norunn Askeland har skrive artikkelen «Kunnskapsløft for nynorsk? Nynorsk i lesebøker etter oppheving av godkjenningsordninga». Askeland har granska kva som har skjedd etter at Språkrådet ikkje lenger godkjenner språket i lærebøker, og reglane som sytte for fordeling av bokmåls- og nynorskstoff i lesebøkene, vart tekne bort. Ho finn at lesebøker som er laga for ungdomsskulen etter Kunnskapsløftet, har langt færre tekstar på nynorsk enn det lesebøkene hadde før.

Valfridom i nynorsk

Anders Aanes har skrive artikkelen «Valfridom i nynorsk – eit problem for eleven?». Aanes har intervjua 282 elevar i Møre og Romsdal. Mange elevar er usikre når dei får spørsmål om valfridom i rettskrivinga. Enkelte elevar oppfattar truleg klammeformer som mindre korrekte, ikkje innafor norma. Undersøkinga ser på haldningar til og kunnskap om rettskrivinga hos elevane.

Fritak frå vurdering i sidemål

Astrid Syse Talsethagen har skrive artikkelen «Fritekne – eller utelatne?». Fritaksregelen i opplæringslova gav inntil nyleg alle minoritetsspråklege elevar rett til å bli fritekne for vurdering i norsk sidemål. Fritaksreglane har hatt utilsikta konsekvensar både for dei fritekne elevane og for dei som får sidemålsundervisning, hevdar ho.

Særskriving

Magnhild Vollan har skrive artikkelen «Sammensatte ord i nye norskverk». Ein feil som har fått auka omfang i skrift i den seinare tida, er særskriving av samansette ord. Kva lærer lærebøkene barn om dette? Vollan har funne at dei fleste lærebokforfattarar meiner særskriving bør tematiserast eksplisitt i norskfaget, sjølv om læreplanen formulerer kompetansemål om rettskriving nokså vidt.

Serien Språkrådets skrifter vil ta for seg ulike emne innanfor arbeidsfeltet til Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter