Eit kurs i stadnamnarbeid og stadnamnlova

Har du ansvar for stadnamnsaker i kommunen du er tilsett i? Eller er du berre interessert i norske stadnamn, korleis dei blir behandla og kva for regelverk som ligg bak utfallet av stadnamnsaker? Du vil uansett ha god nytte av dette kurset.

Kurset er primært retta inn mot kommunalt tilsette som arbeider med stadnamnsaker lokalt, men det er ope for alle som vil lære meir om stadnamnarbeid.

Fakta om kurset:

  • Kurset er utvikla av Språkrådet på bestilling frå Kulturdepartementet.
  • Målgruppa er kommunetilsette som har ansvar for å behandle stadnamnsaker, særleg saker om nye adressenamn.
  • I kurset lærer du om lovverket som ligg til grunn for dette arbeidet, og som ein pliktar å følgje i arbeid med adressenamngjeving.
  • Kurset er delt inn i fire delar. Kvar del startar med ein introduksjonsvideo. Denne har lyd, men er teksta. Innhaldsstoffet er godt forklart og illustrert, og det er lagt inn testar og øvingar undervegs.

Det tek ca. 90 minutt å gjennomføre heile kurset. Det er mogleg å dele opp kurset og ta det bit for bit og i fleire omgangar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2021 | Oppdatert:26.05.2021