Termposten 2/2020

Velkommen til juleutgåva av Termposten!

2020 har vore eit spesielt år, men trass i heimekontor og koronapandemi har det skjedd mykje på terminologifronten.

Statsbudsjettet for 2021 inneheld mange fagspråksatsingar. Både Standard Norge og Termportalen er blant dei som nyt godt av satsingane, og du kan lese meir om dette under «Nytt sidan sist» og «Nyheiter».

I denne utgåva av Termposten kan du også lese om ei undersøking om språkleg medvit i universitets- og høgskolesektoren og om Nordterm-konferansen 2021, som for første gong blir heildigital. I portrettintervjuet møter du Kjetil Gundersen, som er nytilsett i Språkrådet, og som skal arbeide med terminologi og fagspråk.

God lesing, og god jul!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter