Samarbeid med Nasjonalbiblioteket om språklege grunnlagsressursar til Språkbanken

Språkrådet og Nasjonalbiblioteket har saman fått ei årleg ekstraløyving på 10 millionar kroner til utvikling og innsamling av språklege grunnlagsressursar til norsk språkteknologi.

Grunnlagsressursane er tilgjengelege i Språkbanken. Dei er gratis og kan brukast av alle til både forsking og utvikling.

Den statlege språkpolitikken går ut på at dialektar og norsk skriftspråk (bokmål og nynorsk) skal kunne brukast i alle slags språkteknologiske løysingar. Språkrådet ser til at det blir samla inn og utvikla ressursar som kan stette dette språkpolitiske kravet.

Språkrådet opplyser offentlege og private verksemder om deling av data og levering av materiale til Språkbanken. I den samanhengen skipar vi mellom anna til konferansar og seminar (sjå kalender).  

Ta kontakt med oss i Språkrådet dersom du trur verksemda di eller etaten din har data som kan brukast til språkteknologiske føremål!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter