Språksituasjonen i forsking og høgare utdanning

Universitets- og høgskolesektoren er eit område der norsk språk er under press. Krava til internasjonalisering fører til at det blir meir engelsk på universiteta og høgskolane.

Det er eit politisk mål at universiteta og høgskolane våre skal bli meir internasjonale:

  • Fleire studentar skal ha eit opphald i utlandet.
  • Institusjonane skal ta imot fleire utanlandske studentar.
  • Institusjonane skal få fleire tilsette frå land utanfor Noreg.

Eit av resultata av denne politikken er at engelsk grip om seg innanfor undervisning, forsking og formidling – alle dei tre områda som utgjer samfunnsoppdraget til sektoren.

Undervisning

Språk i undervisninga vil seie kva språk eit emne blir undervist på og kva språk pensumlitteraturen er på.

Språk i undervisninga

I stadig fleire emne på universitet og høgskolar blir det undervist på engelsk. Dette gjeld både statlege og private lærestader, men auken er størst på dei statlege institusjonane. Diagrammet nedanfor viser utviklinga i perioden 2009–2018 når det gjeld framandspråklege emne. Sidan språkfaga er haldne utanfor, kan vi gå ut frå at dette gjeld emne som blir underviste på engelsk.

Tala er henta frå Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019. Ein slik rapport blir kvart år utarbeidd av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Språk i pensum

Dei oversyna vi har over språk i pensum, gjeld berre visse fag og viser at det er store skilnader mellom dei ulike faga. Mykje tyder på at det på bachelornivå har vore ein auke i pensum på norsk, i alle fall fram mot 2013, som er det siste året vi har tal frå. På masternivå har fordelinga mellom engelsk og norsk vore nokolunde uendra. Det finst ikkje statistikk over pensumspråk som dekkjer alle fag på både lågare og høgare nivå i høgare utdanning, og som har tal som kan samanliknast over fleire år.

Undersøkinga frå 2013, som omfattar sju fag (biologi, fysikk, historie, informatikk, rettsvitskap, sjukepleie og økonomi), viser at 75 prosent av pensum og andre læremiddel på bachelornivå var på norsk. Det er ein auke frå 64 prosent i 2000. Engelskdelen var på 25 prosent. På masternivå var det om lag like mykje pensum på norsk som på engelsk, men her var det stor skilnad mellom dei ulike faga. Medan prosentdelen norsk i rettsvitskap, historie og sjukepleie var på 40 prosent eller høgare, var all pensumlitteratur i informatikk og økonomi på engelsk.

Ei eldre undersøking frå 1999-2000 viste at prosentdelen pensum på norsk den gongen jamt over hadde halde seg stabil eller auka sidan 1980. Men det var stor variasjon på tvers av fag og utdanningar og mykje meir norsk pensum i til dømes profesjonsutdanningane ved høgskolane enn i dei tradisjonelle universitetsfaga, og mykje meir i humaniora og samfunnsvitskap enn i naturvitskap. Undersøkinga var landsdekkjande, men gjaldt berre lågare nivå.

Forsking

Forsking kjem til uttrykk mellom anna gjennom masteroppgåver, doktoravhandlingar og forskingspublisering.

Mastergradsoppgåver/hovudfagsoppgåver

Dei fleste mastergradsoppgåvene blir framleis skrivne på norsk, men engelskdelen aukar stadig. Nynorskdelen held seg nokolunde stabil på 2–3 prosent. Det var mest ingen oppgåver på andre språk.

Tala er henta frå NIFU-rapporten Å snakke fag på eit språk andre forstår frå 2018.

Doktoravhandlingar

Oversynet over språk i doktoravhandlingar viser at engelsk har blitt det internasjonale forskingsspråket. Tal frå 2012 og fram til 2017 viser at om lag 9 av 10 avhandlingar i denne perioden blei skrivne på engelsk, og mesteparten av dei resterande blei skrivne på norsk, i all hovudsak på bokmål. Berre nokre få blei skrivne på andre språk.

Tala er henta frå eit internt oversyn (frå NIFU) over språk i doktoravhandlingar frå 2018.

Forskingspublisering

Tala for forskingspublisering viser tydeleg at engelsk dominerer også her. Norskdelen har gått markant ned på dei aller fleste fagområde sidan 2011. Val av publiseringsspråk speglar skilnader i fagprofil og viser i kva grad forskinga rettar seg mot eit nasjonalt eller internasjonalt forskarsamfunn.

Norsk er framleis eit sentralt publiseringsspråk i humaniora og samfunnsvitskap. Her blei høvesvis 30 og 25 prosent av publikasjonane i 2017 skrivne på norsk. Stoda er ei heilt anna i medisin og helsefag, der berre 5 prosent av publikasjonane var på norsk. I realfag og teknologi har norskdelen vore stabilt låg – berre 1 prosent i heile perioden.

Tala er henta frå Indikatorrapporten 2018 frå Noregs forskingsråd.

Formidling

Formidling omfattar alt frå lærebøker, læremiddel og leksikonartiklar til populærvitskaplege artiklar, kronikkar og føredrag. Det finst ikkje noko oversyn over omfanget av slik formidling, og heller ikkje kva språk som blir brukt. Sidan det aller meste av formidlinga truleg er retta mot eit norsk publikum, må vi rekne med at det meste ligg føre på norsk (anten bokmål eller nynorsk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2019 | Oppdatert:14.01.2021