slepp, brems og undertrykk

Norske helsestyresmakter nyttar imperativformene slepp, brems og undertrykk for å namngje strategiane i kampen mot covid-19.

Den 24. mars publiserte Folkehelseinstituttet eit notat om dei tre strategiane helsestyresmaktene kan velje mellom i møte med covid-19-epidemien. Nemningane er bygde på imperativsetningar:

slepp-strategi (Slepp epidemien laus!)

ein lèt epidemien få spreie seg naturleg utan særskilde tiltak 

brems-strategi (Brems epidemien!)

ein freistar å forseinke spreiinga av epidemien og halde han på eit lågt nivå gjennom tiltak som informasjonskampanjar, karantene og isolering

undertrykk-strategi (Undertrykk epidemien!)

ein freistar å stanse epidemien med fleire, meir omfattande og sterkt inngripande tiltak, som råd om å halde fysisk avstand og allmenn stenging av skular og andre institusjonar

Figur: Omgrepsdiagram over smittevernstrategi og underomgrep

Dette er tre direkte og folkelege nemningar som er eigna til å gjere informasjonen frå det offentlege meir lettfatteleg og tilgjengeleg.

Nemningane blir ofte forkorta til slepp, brems og undertrykk. Den nakne imperativen undertrykk kan lett forvekslast med substantivet undertrykk (‘det at lufttrykket er lågare enn omgjevnadene’). Det gjer nemninga mindre tilgjengeleg.

Notatet frå Folkehelseinstituttet byggjer i stor grad på ein rapport frå forskarar ved Imperial College i London. Forskarane skisserte her strategiane mitigation (‘demping, døyving, bøting’) og suppression (‘undertrykking’). Alternativet kallar dei do nothing.

Do nothing, mitigation og suppression blei til slepp, brems og undertrykk på norsk, men i staden for undertrykk brukar somme stopp, som høyrer meir naturleg saman med slepp og brems. Ei anna nemning som er kome mykje i bruk, er slå ned (og hald nede). 

Ein vri på strategiane, med ein kort undertrykkingsfase, er kjend som hammar og dans.

I Sverige nyttar helsestyresmaktene nemninga fordröja (‘forseinke’) og bromsa om brems-strategien. Svenske media har òg nytta andre nemningar, t.d. sakta ned (for brems) og utplåna (for undertrykk)

I Danmark nyttar styresmaktene nemningane afbødning og inddæmning om sine strategiar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter