Aktiv og passiv
Vi kan uttrykkja ei handling med aktiv eller passiv seiemåte. Men korleis uttrykkjer vi passiv på rett måte i nynorsk?
Kva er aktiv og passiv?
Medan aktive konstruksjonar klårgjer kven som handlar (Einar sløkkjer lyset når han går frå kontoret), bruker vi passiv dersom vi ikkje veit kven som handlar, eller dersom det er uviktig kven som handlar (Lyset skal sløkkjast når ein går frå kontoret).
Aktiv: Eg selde boka. Eg skal selja boka.
Passiv: Boka blei seld. Boka skal seljast.
Korleis uttrykkjer vi passiv på rett måte i nynorsk?
På nynorsk bruker vi hjelpeverb til å uttrykkja passiv. Det finst to måtar å uttrykkja passiv på.
1) Anten bruker du ei form av hjelpeverba bli/verta:
Alle søknader blir/vert behandla konfidensielt.
Ingen blir/vert kontakta før etter nærare avtale.
2) Eller du legg endinga -ast til stammen av verbet som følgjer etter dei modale hjelpeverba skal/skulle, vil/ville, kan/kunne, må/måtte og bør/burde:
Skatten skal betalast på forskot.
Alle CV-ane må leverast inn før fristen.
Ingen kan straffast for uhellet.
På bokmål kan du uttrykkja passiv også utan hjelpeverb:
Skatten betales på forskudd.
Alle søknader behandles konfidensielt.
Denne konstruksjonen høyrer ikkje heime i nynorsk.
Aktiv form er ofte betre
Sjølv om passiv i nynorsk er fullt mogleg, som vist ovanfor, bør du tenkja på at uttrykksmåten ofte vil bli like god eller betre om du nyttar aktiv og dermed klårgjer kven som handlar:
Vi behandlar alle søknader konfidensielt.
Vi tek kontakt først etter nærare avtale.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.