Skal du modellere omgrep?

Offentleg sektor er i gang med å modellere og strukturere omgrep for m.a. elektronisk informasjonsforvaltning og tilgjengeleggjering av datasett. Her finn du nyttige ressursar som kan brukast i dette arbeidet.

Vil du lære meir om omgrepsarbeid?

Innføringsheftet Termlosen gjev ei kort innføring i omgrepsarbeid. Du kan også kontakte Språkrådet om organisasjonen din ønskjer eit tilpassa kurs. Skriv til term@sprakradet.no.

Det danske heftet Begrepsarbejde i Kriminalforsorgen gjev ei god innføring i omgrepsarbeid med tanke på modellering og utvikling av konseptuelle datamodellar.

Digitaliseringsdirektoratets rettleiar for orden i eige hus gjev råd om korleis du kan organisere arbeidet i organisasjonen din. Du kan også lese om korleis fagfolk lagar termlister på våre nettsider.

Treng du hjelp frå standardar?

Digitaliseringsdirektoratet har utarbeidd fleire forvaltningsstandarder som gjeld omgrepsanalyse og definisjonsarbeid, m.a.:

  • Forvaltningstandard for omgrepsbeskrivingar (2019)
  • Forvaltningsstandard for omgrepskoordinering (2013, under revisjon)

Du finn dei i Digitaliseringsdirektoratets referansekatalog.

Det finst ei rekkje ISO-standardar som er nyttige for verksemder som driv med omgrepsmodellering.

Du finn oversikt og omtale av dei mest relevante ISO-standardane her.

Treng du å registrere og publisere terminologi?

Digitaliseringsdirektoratet forvaltar og vidareutviklar Felles omgrepskatalog, der fleire offentlege verksemder har gjort terminologien sin tilgjengeleg.

Dersom verksemda di ikkje har ein eigen termbank/omgrepskatalog, kan du nytte registreringsløysinga i katalogen.

Kontakt Digitaliseringsdirektoratet for å få meir informasjon: fellesdatakatalog@brreg.no.

Vil du vere oppdatert på omgrepsarbeid i informasjonsforvaltning?

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er eit nettverk der deltakarane deler erfaringar frå arbeidet med informasjonsforvaltning i ein serie med seks seminar i året. Fleire av seminara dreier seg om omgrep og omgrepsarbeid. Presentasjonar og videoopptak frå tidlegare møte er lagde ut på nettstaden til nettverket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter