Klage på brot på språklova

Dersom du opplever at staten bryt språklova, kan du klage til det aktuelle statsorganet.

Kva kan eg klage på?

Du kan klage på alle typar brot. Dette er døme på den typen klagar Språkrådet oftast ser:

  • Svarbrev er på feil skriftspråk.
  • Løyve og faste formular er på feil skriftspråk.
  • Skjema er ikkje tilgjengelege på både bokmål og nynorsk.
  • Eksamensoppgåver ligg ikkje føre på både bokmål og nynorsk.

  • Les meir på språklov.no.

Korleis klagar eg?

Klagen kan utformast med ei enkel setning, til dømes slik:

«Eg, Kari Nordmann, klagar på at skjemaet med tittelen Søknad om ditt og datt berre er å finne på bokmål.»

Du sender klagen til det aktuelle statsorganet, med kopi til Språkrådet. Klagen kan vere viktig både for deg, andre i same situasjon og for statsorganet, som får ei påminning om regelverket. Dersom du er usikker på om du har å gjere med eit brot på språklova, må du gjerne ta kontakt med Språkrådet fyrst.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.01.2004 | Oppdatert:12.05.2022