Hopp til hovedinnhold

Klarspråksprisane

Klarspråksprisane går til statsorgan og kommunar som gjer eit langsiktig og systematisk klarspråksarbeid. I tillegg blir det delt ut ei utmerking til ei eldsjel. Prisane er forvaltningsprisar og blir delte ut kvart år av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Prisane for 2019 er enno ikkje delte ut. I fjor var klarspråksprisane ti år. I samband med jubileet var det planlagt ei større evaluering av prisane. Denne evalueringa har vorte forseinka, og det er usikkert om det blir delt ut prisar for 2019. Vi håpar de har litt tolmod, så skal vi koma attende med oppdatert informasjon når vi veit meir om tidsplanen framover.

Hovudprisen for staten

Prisen går til forvaltningsorgan eller helseføretak som gjer ein ekstraordinær innsats for å bruke eit klart, godt og brukarvenleg språk i den skriftlege kommunikasjonen sin.

Hovudprisen for kommunar og fylkeskommunar

Prisen går til kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit godt, klart og brukarvenleg språk i den skriftlege kommunikasjonen sin. Prisen kan ikkje bli delt ut til kommunaleigde føretak eller selskap.

Temaprisen

I tillegg til hovudprisane kan det delast ut ein eller fleire temaprisar kvart år. Temaprisane skal bli gjevne til område der det er spesielt viktig å stimulere til aktivitet. Dei skal verke motiverande for prismottakarane, og dei skal vise fram mønsterpraksis for andre. Det er KMD, i samarbeid med Språkrådet og Digdir, som bestemmer tema og tal på prisane frå år til år.

Retningsliner for klarspråksprisane.

Årets trekkhund

Utmerkinga «Årets trekkhund» går til ein enkeltperson som har gjort ein ekstraordinær innsats i klarspråksarbeidet i forvaltninga. Med denne utmerkinga skal eldsjelene bli heidra. «Årets trekkhund» er ein person som motiverer andre og oppnår gode resultat som pådrivar for eit systematisk klarspråkarbeid.

Retningsliner for klarspråksprisane.

Juryen

Desse sat i juryen for klarspråksprisane i 2018:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleiar), dekan ved avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda
  • Anne Wie-Groenhof (representant for fjorårsvinnarane), fagdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet
  • Jan Olav Fretland, dosent i norskdidaktikk, Høgskulen på Vestlandet
  • Kristin Høie Walstad, spesialrådgjevar (kommunikasjon), Stavanger kommune
  • Marcus Veinan, jusstudent (UiT – Noregs arktiske universitet) og medarbeidar ved Jusshjelpa i Nord-Noreg