Skriveråd for ulike teksttypar
Her finn du råd om korleis ein kan skrive gode brev, nettekstar, rapportar, skjema og digitale tenester og stillingslysingar.
Same kva slags tekst du skriv, løner det seg å følgje dei generelle skriveråda. På nettsidene til Språkrådet finn du skrivereglar, skriveråd og grammatikk. Hugs òg å slå opp i ordboka.
1 Bodskap
Ha bodskapen klart for deg, elles blir innhaldet garantert uklart for mottakaren. Kva er formålet med brevet? Kven er mottakaren, og kva er stoda? Set deg sjølv i mottakarens stad, og skriv venleg, tydeleg og sakleg nøytralt. Mottakaren skal ikkje vere i tvil om kva som er venta av han eller ho. Først når du har dette klart for deg, kan du byrje å konsentrere deg om oppsett, innhald og språk.
2 Oppsett
Eit godt oppsett gjer at mottakaren raskt kan orientere seg i brevet.
Hovudoverskrift
Gje brevet ein informativ og dekkjande hovudoverskrift slik at mottakaren straks forstår formålet med brevet.
Samandrag
Om brevet er langt, er det lurt å innleie med eit kort samandrag der du fortel kvifor brevet er sendt, kva som eventuelt er vedteke (dersom det er eit vedtaksbrev), og kva mottakaren eventuelt skal eller kan gjere. Seinare kan du argumentere, grunngje og skrive meir utfyllande om sakstilhøvet.
Avsnitt
Lag ein tydeleg struktur, og del brevet inn i avsnitt. Set avsnitta etter kvarandre i ei logisk rekkjefølgje. Om brevet er langt, bør du bruke mellomoverskrifter. Helst bør mellomoverskriftene åleine samanfatte hovudinnhaldet i brevet.
Skal du informere om rettar, kan det løne seg å bruke spørsmål-og-svar-oppsett. Ikkje ver redd for å nytte imperativformer og personlege pronomen. Dei gjer det lettare å få fram kven som skal gjere kva.
Døme:
Kva plikter har du som trygdemottakar?
- Du har plikt til å ...
- Det tyder at du ...
- Viss du (ikkje) ..., så ...
Formatering
Bruk helst berre éin skrifttype og éin skriftstorleik, og ver konsekvent når du siterer eller uthevar noko. Ikkje bruk både kursiv og halvfeit skrift. Overskrifter bør setjast med halvfeit skrift utan punktum eller kolon til slutt. Korte sitat bør setjast i hermeteikn, medan lange kan setjast i kursiv.
Les meir om sitatbruk i Statsspråk.
3 Innhald
Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først. Få med alt mottakaren treng å vite, og stryk resten.
Konklusjon
Skriv ein klar konklusjon, til dømes om søknaden er innvilga eller avslått (dersom brevet er svar på ein søknad). Konklusjonen kan gjerne stå først i brevet, anten i eit samandrag eller åleine.
Tilleggsinformasjon
Nokre gonger må vi ha med opplysningar som ikkje er like viktige for alle mottakarar. Det kan vere informasjon om klagerettar eller om aktuelle lovføresegner. Slikt bør stå heilt til slutt. Det bør gå klart fram kvar mottakaren kan finne meir informasjon eller få hjelp.
4 Språk
Eit brev må sjølvsagt også ha korrekt språk. Pass på teiknsetjinga – eit teikn frå eller til kan endre meininga i teksten. Ikkje stol på stavekontrollen, men les korrektur sjølv eller be ein kollega om å gjere det. På nettsidene til Språkrådet kan du slå opp i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Gjer det til ein vane!
Hugs at det ikkje er nok at språket er korrekt. Språket må også vere klart. Då hindrar du mistydingar.
Setningar
Del opp lange setningar. Server informasjonen i passande porsjonar. Bindeord som derfor, altså, dessutan, fordi, dermed og slik hjelper lesaren med å følgje logikken i teksten.
Her er noen flere setningstips:
Bytt ut substantivtunge setninger med verbfraser
foreta en vurdering ➔ vurdere
innen tre uker fra mottakelsen av dette brev ➔ innen tre uker etter at du fikk dette brevet
Bytt ut passive setninger med aktive
Det vises til … ➔ Jeg/vi viser til …
Fra bestemmelsen gjengis følgende: … ➔ Fra bestemmelsen gjengir vi følgende: …
Et konkret eksempel:
Nærværende tilfelle omfattes av omtalte unntak, slik at det heller ikke skal betales dokumentavgift i forbindelse med tinglysingen av omtalte skjøte. ➔ Unntaket gjelder for dette tilfellet. Derfor skal du ikke betale dokumentavgift for tinglysingen av det nevnte skjøtet.
Ord
Forklar vanskelege ord og viktige faguttrykk. Eventuelt kan du vise til ei ordliste. Prøv å unngå gammalmodige og omstendelege ord og uttrykk. Unngå òg vage uttrykk som i forhold til (med mindre du faktisk meiner å samanlikne) og knytt opp mot og moteord som fokus.
Eit lite tips: Spar på orda
på det nåværende tidspunkt = nå
i inneværende år = i år
dette medfører ikke riktighet = dette er feil, dette stemmer ikke
Tenk gjerne klarspråk i interne dokument òg, sidan språket i interne tekstar fort kan setje preg på tekstar som skal ut til eit større publikum.
Bruk tid på å lage gode brevmalar. Det løner seg på lang sikt.
Lesarar på nettet er først og fremst ute etter informasjon. Finn dei ikkje det dei treng, med éin gong, forlèt dei nettstaden.
I nettekstar er det difor særleg viktig å
- skrive kort og poengtert
- fjerne overflødig informasjon
- strukturere teksten i avsnitt
- lage informative og dekkjande overskrifter som set lesaren på sporet
- unngå «stammespråk»
Stikkordet er stikkord. Folk ventar at nettekstar er lettare å skumme enn trykte tekstar. Nøkkelinformasjonen må derfor liggje opp i dagen. Når du skriv for nettet, bør du organisere teksten kring klare nøkkelord eller overskrifter og stykkje opp teksten i lettfordøyelege porsjonar.
Hugs å følgje dei generelle skriveråda.
Når du skriv rapportar, skal du presentere dei dataa som kastar mest lys over problemstillinga og leggje fram tydelege råd og eventuelle konklusjonar. Dersom du vil hindre at rapporten hamnar i ein skuff, bør du dessutan leggje vinn på å lage eit godt samandrag og kanskje til og med freiste å vekkje leselyst.
Nokre statsorgan har definert eigne skriveråd for sjangeren rapportar. Her er skriveråda til Helseøkonomiforvaltninga (HELFO):
Lag eit godt samandrag
- Skriv eit samandrag, som skal stå først i rapporten.
- Bruk tid på samandraget – det er ofte dette som blir lese. Hugs at samandraget skal kunne stå på eigne bein, så tenk igjennom kva du vil ha fram i samandraget slik at målgruppa får med seg dei viktigaste punkta.
Lag ein god struktur
- Ein god struktur er minst like viktig i lange tekstar som i korte. Legg ein plan for korleis du vil byggje opp rapporten, før du set i gang med å skrive. Er de fleire som skriv rapporten saman, er dette ekstra viktig.
- Etter samandraget skal det kome ei innleiing. Innleiinga skal seie noko om kvifor rapporten er laga, og kva han handlar om.
- Få fram den viktigaste informasjonen i byrjinga av kvart kapittel.
Bruk meiningsberande overskrifter og mellomoverskrifter. Overskrifter og mellomoverskrifter skal gje lesaren ein god peikepinn om kva det einskilde kapittelet eller avsnittet handlar om. - Rapporten skal byggje opp under konklusjonen. Ver difor kritisk når det gjeld kva som skal vere med av stoff. Det er ikkje sikkert at alt som har kome fram i prosessen, fortener ein plass i rapporten.
Sørg for å få innhaldet og funna godt fram
- Sørg for at alle data er rett tolka.
- Bruk tabellar og figurar for å vise noko viktig i teksten. Tabellane og figurane skal alltid vere lette å tolke og interessante sedde frå perspektivet til lesaren. Kommenter dei i sjølve teksten og sørg for at dei står i samanheng med den teksten dei handlar om.
- Lag korte og beskrivande tekstar som du set over tabellar og figurar. Sei kva temaet er, og gje nøkkelopplysningar som tidsrom og måleining. Det kan for eksempel bli slik: Utgiftsutvikling for fysioterapi, milliardar kroner, årstal, totalt, honorartakst, refusjonstakst.
- Ver tydeleg og eksakt i tolkinga og konklusjonane.
- Ha fugleperspektiv – trekk linjene frå funna.
Forklar sentrale omgrep og presenter eventuelt relevant regelverk
- Definer sentrale og vanskelege omgrep.
- Gje ein kort presentasjon av regelverk som er relevant, dersom det er aktuelt.
Frå undersøkingar veit vi at mange ikkje likar å fylle ut skjema. Dei hoppar gjerne over grafikk og tekst og går rett til dei felta dei skal fylle ut. Difor må tekstane i dei felta som skal fyllast ut, må vera mest mogleg sjølvforklarande. Det er viktig at folk forstår kva dei skal gjera, slik at styresmaktene får dei rette opplysningane.
Hugs at skjema frå sentrale statsorgan skal finnast i to versjonar: nynorsk og bokmål.
I dag er dei fleste papirskjema avløyste av digitale sjølvbeteningsløysingar.
Råd om digitale løysingar
Digitale sjølvbeteningsløysingar må lagast slik at innbyggjarane forstår korleis dei skal brukast. Difor er klart språk avgjerande. KS har sett opp nokre prinsipp for digitale løysingar som gir godt og lesarvenleg språk, same kva designsystem du brukar.
Les meir om språk i digitale tenester.
Sjå rettleiaren til KS.
Råd om skjema
- Lag ein logisk og enkel struktur.
- Lag tydelege overskrifter for kvart tema i skjemaet.
- La det vere luft rundt boksar og tekstar.
- Skriv gode hjelpetekstar.
- Forklar vanskelege ord, eller skriv dei om.
- Ikkje bruk passiv utan grunn, og gje tydelege instruksar, gjerne i imperativ.
-
Skjemaet sendes til ...
Send skjemaet til ...
-
Dokumentasjon legges ved.
Legg ved dokumentasjon.
-
Dokumentasjon sendes til [adresse].
Send dokumentasjon til [adresse].
Ein fyldigare versjon av teksten nedanfor finn du i brosjyren Råd om språk i statlige stillingsutlysninger (pdf).
1 Overskrift
Hovudoverskrifta er blikkfanget i ei stillingsutlysing.
Overskrifta kan innehalde stillingstittelen:
Rådgjevar i …
Hovudoverskrifta kan òg vere ei heil setning:
Vi søkjer ein rådgjevar i …
Det er òg mogleg å stille eit spørsmål:
Vil du ha ny jobb i …? Vil du vere med og utvikle offentleg sektor?
2 Presentasjon av verksemda
Presentasjonen av den verksemda som lyser ut stillinga, bør vere kort. Tilleggsinformasjon kan søkjarane finne på nettet. Legg gjerne vekt på å skildre den rolla verksemda speler i samfunnet, og forklar korleis søkjaren kan vere eit tilskot til verksemda. Her eller nedanfor (punkt 3 eller 4) bør det stå kvar i organisasjonen stillinga er plassert, kva avdelinga eller seksjonen arbeider med, og kor mange som er tilsette der.
3 Opplysningar om stillinga
Skriv kva slags stilling det gjeld: fast stilling, engasjement, vikariat eller åremål. Skriv når stillinga blir ledig: så snart som mogleg eller frå ein særskild dato. Få med stillingskode og lønsramme.
4 Oppgåver og ansvar
Skriv kva for oppgåver og ansvarsområde som høyrer til stillinga. Ver så konkret som mogleg. Bruk gjerne punktliste.
Ikkje bruk runde og floskelprega formuleringar av dette slaget:
Ønskjer du å bidra til at offentlege tenester blir leverte med aukande grad av presisjon og kvalitet?
Nemn gjerne trekk ved stillinga eller organisasjonen som kan vere spesielt attraktive for dei gode søkjarane.
5 Krav til søkjarane
Skriv kva slags kvalifikasjonar søkjaren må ha, og kva som eventuelt kan telje i staden for manglande kvalifikasjonar.
Skriv gjerne kva slags kvalifikasjonar som kjem vel med sjølv om dei ikkje er sette som krav. Skil tydeleg mellom krav («søkjarane må ha/kunne») og ønske («bør ha/kunne»).
Krava og ønska kan setjast opp i ei punktliste.
Ver konkret og direkte. Skriv heller «du må ha høgare utdanning» enn «det krevst høgare utdanning».
6 Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar kan nemnast etter dei formelle krava, eller dei kan knytast til punktet om arbeidsoppgåver og ansvar.
Hopp gjerne over det sjølvsagde og sky klisjear, her som elles.
7 Kva kan arbeidsgjevaren tilby
Her bør du få fram det som skil denne verksemda frå andre som konkurrerer om dei same søkjarane. Men ikkje overdriv. Du treng ikkje framheve slikt som er felles for dei fleste verksemder, som til dømes «vi er opptekne av kompetanse og kvalitet».
Under dette punktet er det òg naturleg å fortelje om arbeidsmiljø og pensjonsordningar. Bruk gjerne punktliste.
Ver heller konkret enn å love «unike moglegheiter i ein ansvarsfull og utfordrande jobb».
8 Tilleggsopplysningar om arbeidsvilkåra
Her kan du ta med opplysningar om til dømes arbeidstid og reising.
Skriv heller «du må rekne med å reise ein del» enn «ein del reiseverksemd må påreknast».
9 Generelle opplysninger om arbeid i staten
Her bør du ta med standardformuleringar om at staten legg vekt på mangfald, og at arbeidsgjevaren er ei IA-verksemd (IA: inkluderande arbeidsliv).
10 Søknadsfrist og søkjemåte
Opplys om søknadsfristen (gjerne med feit skrift) og adressa, og fortel korleis søknaden skal sendast: elektronisk eller i papirform. Skriv kva slags dokumentasjon som skal leggjast ved søknaden.
Vend deg direkte til søkjaren. Skriv heller «send søknaden» enn «søknad [skal] sendast».
11 Kontaktinformasjon
Fortel kvar eller hjå kven søkjarane kan få vite meir om stillinga.
Vend deg direkte til søkjaren. Skriv heller «fleire opplysningar kan du få hjå NN» enn «for meir informasjon kan NN kontaktast».
12 Stillingsutlysingar på nynorsk
Offentlege etatar publiserer mange stillingslysingar på nynorsk, og ikkje alt er feilfritt. Vi prøver her å bøte på det med eit uhøgtidleg døme på ei stillingslysing. Meininga er ikkje å vise kva moment som bør vere med, men å formulere lysingstekst på skapleg nynorsk.
«Søknaden må leverast innan 1. november»
Preposisjonen innan er tvitydig. Brukt om tid kan innan nemleg tyde både ‘i løpet av’ og ‘før’. Skal søknaden leverast seinast 1. november eller i løpet av 31. oktober? Vi slepp heile problemet om vi skriv om til Søknadsfristen er 1. november eller Søknadsfristen er 31. oktober.