Språk i forsking og høgare utdanning

Språkrådet gir råd og rettleiing om korleis universitet og høgskolar kan utføre dei lovpålagde oppgåvene sine med å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Språkrådet har god kunnskap om sektoren og tett kontakt med ulike akademiske miljø.

Språkrådet skal følgje opp den norske språkpolitikken. Universiteta og høgskolane har ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk (universitets- og høgskolelova § 1-7). Kunnskapsdepartementet pålegg dei også å utarbeide språkstrategiar, også kalla språkpolitiske retningsliner. Dette er viktige verktøy for å sikre bruken av norsk i høgare utdanning.

Vegvisar for språkval i universitets- og høgskolesektoren

For å sikre norsk fagspråk har Språkrådet utarbeidd ein vegvisar med ti konkrete råd om korleis universitet og høgskolar kan balansere mellom engelsk og norsk språk for å sikre god kvalitet i undervisning, forsking, formidling og administrative tenester. I vegvisaren finn du også praktiske tips om korleis du kan løyse språklege dilemma i arbeidskvardagen.

Korleis arbeide med norsk og engelsk fagspråk i praksis?

Språkrådet kan tilby råd og rettleiing om korleis ein kan utvikle norsk- og engelskspråkleg terminologi, som er viktig for det norske fagspråket.

Korleis utarbeide språkstrategiar for tilhøvet mellom norsk og engelsk?

Språkrådet har samla det institusjonane treng for å utarbeide eigne språkstrategiar og setje dei i verk. Her finn du både rettleiing til arbeidet og råd om korleis strategiane kan gjennomførast i praksis. Du finn også noko om bakgrunnen for slike strategiar.

Vil du vite meir om parallellspråkbruk i universitets- og høgskolesektoren?

Språkrådet har utarbeidd ein del hjelpemiddel som skal gjere det lettare for universiteta og høgskolane å oppfylle kravet om å ta vare på og vidareutvikle norsk fagspråk. Prinsippet om parallellspråklegheit er sentralt i desse hjelpemidla. Vi forklarer dette prinsippet og bakgrunnen for det både i nasjonal og nordisk samanheng.

Vil du vite meir om situasjonen for norsk språk i forsking og høgare utdanning?

Språkrådet følgjer med på korleis tilhøva er for norsk språk på universiteta og høgskolane. Vi samlar informasjon frå ulike kjelder for å få best mogleg oversyn over utviklinga innanfor undervisning, forsking og formidling – dei tre områda som utgjer samfunnsoppdraget til sektoren.

Vil du vite meir om språktilhøva i høgare utdanning?

Språkrådet har fått gjennomført undersøkingar om tilhøvet mellom engelsk og norsk i høgare utdanning. Vi har også laga eit oversyn over rapportar og liknande frå andre kjelder.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter