Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren
Universiteta og høgskulane skal vere internasjonale, samtidig som dei skal vere forankra i norsk samfunnsliv. Dei har eit lovpålagt ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk fagspråk. Dette kan skape språklege dilemma.
Nedanfor er konkrete råd om korleis universitet og høgskular kan balansere mellom engelsk og norsk språk for å sikre god kvalitet i undervising, forsking, formidling og administrative tenester. Her er også råd om tiltak som universitet og høgskular kan setje i verk for å ta vare på norsk fagspråk.
Tilrådingane er utarbeidde i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) og må tilpassast dei enkelte institusjonane.
Formål: sikre gode og systematiske språkval på institusjonane i UH-sektoren
Institusjonane bør utforme språkpolitiske retningslinjer med prinsipp for språkval på alle nivå. Desse retningslinjene bør forankrast i strategien til institusjonen.
For å skape medvit om godt språk og gode språkval bør institusjonane trekkje inn både tilsette og studentar når dei språkpolitiske retningslinjene skal utformast.
Det bør lagast ein handlingsplan, t.d. på fakultetsnivå eller instituttnivå, som sikrar at dei språkpolitiske retningslinjene blir tekne i bruk.
Det er viktig at ansvaret for oppfølginga av retningslinjene og handlingsplanen blir plassert i eit språkpolitisk utval, ein komité eller ei avdeling i organisasjonen.
Prop. 126 L (2022–2023)Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), s. 62.
2 Undervisingsspråk
Formål: sikre at studentar meistrar norsk og engelsk fagspråk etter fullført utdanning
I universitets- og høgskulelova er det slått fast at undervisingsspråket skal vere norsk (§ 2-3). Lova gjer det likevel mogleg å bruke engelsk (eller andre språk) dersom det er faglege grunnar til det.
På bachelornivå bør hovudvekta av pensum vere på norsk dersom ikkje faget er eit framandspråk. Dersom ein av faglege grunnar vel ei engelskspråkleg lærebok i studiet, bør ho supplerast med støttemateriale på norsk (sjå punkt 3).
På master- og ph.d.-nivå bør det vere rom for både norsk og engelsk i pensum og undervising, slik at kandidaten blir sett i stand til å kommunisere på både norsk og engelsk fagspråk i det framtidige arbeidet sitt.
Institusjonen bør setje opp mål for kva for språkleg dugleik studentane bør ha når dei er ferdige med utdanninga. Desse måla bør stå i studieprogrammet og i læringsutbytteomtalen for dei enkelte emna.
Institusjonane bør tilby enkeltemne på engelsk med tanke på bachelor- og masterstudentar som er i Noreg eitt semester eller lenger. Internasjonale ph.d.-stipendiatar med lengre opphald i landet bør få tilbod om opplæring i norsk.
Dersom institusjonane tilbyr videoopptak som ein del av undervisinga, bør dei vurdere teksting av innhaldet på norsk og engelsk.
Det er heilt avgjerande for kvaliteten og læringsutbyttet at både den som underviser og dei som blir underviste, meistrar undervisingsspråket (sjå punkt 4 og punkt 5).
Tips:
Dersom det manglar ei norskspråkleg pensumbok, er det mogleg å søkje lærebokordninga om støtte til utgjeving. Lærebokordninga ligg under HK-dir og fordeler midlar til utgjeving av lærebøker som det er fagleg behov for i norsk høgare utdanning, men avgrensa kommersielt grunnlag for (utgjevingsstøtte til forlag). Les meir på nettsidene til HK-dir.
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) og dei akademiske forlaga (Cappelen Damm Akademisk, Gyldendal Akademisk og Universitetsforlaget) deler også ut stipend til skriving av lærebøker for høgare utdanning (sjå nettsidene deira).
Formål: sikre at studentar og vitskapleg tilsette lærer seg norsk og engelsk fagspråk
Engelskspråklege lærebøker bør supplerast med materiale på norsk. Til dømes kan det lagast norske støtteark til forelesinga dersom pensumlitteraturen er på engelsk (ev. anna framandspråk).
Det bør lagast tospråklege termlister for dei ulike faga/emna. Slike lister fungerer som tospråklege ordbøker for studentar. Samtidig sikrar dei at den norske terminologien blir presis og einskapleg.
4 Heving av tospråkleg kompetanse blant studentane
Formål: sikre at studentane utviklar tospråkleg dugleik i faget i tråd med læringsutbytteomtalen for programmet/faget (jf. punkt 2)
Institusjonane bør til dømes tilby kurs i akademisk skriving og lesing, fagspesifikk skriving, trening i presentasjonsteknikk – både på norsk og på engelsk (ev. anna framandspråk).
Dugleiken til studentane i lesing, skriving, lytting og tale bør vurderast, og den fagansvarlege bør avgjere kva for dugleik studentane bør ha på dei ulike språka.
Fagspesifikke språkkurs bør integrerast i undervisinga av faget.
Tips:
Fleire institusjonar tilbyr opplæring i generell akademisk skriving, t.d. UiT og UiS.
5 Heving av tospråkleg kompetanse blant dei vitskapleg tilsette
Formål: sikre at vitskapleg tilsette kan undervise på både norsk og engelsk
Alle vitskapleg tilsette bør vere i stand til å lese faglitteratur, undervise, rettleie, eksaminere og utføre administrative oppgåver på norsk og engelsk.
Behova til dei vitskapleg tilsette for kompetanseheving i norsk og engelsk bør kartleggjast, slik at dei kan få tilbod om eigna språkkurs og pedagogisk trening som sikrar god kvalitet i undervisinga.
Internasjonalt rekrutterte tilsette som ikkje meistrar norsk frå før, bør få tilbod om eigne kurs i arbeidstida. Tilsette i undervisings- og forskingsstillingar skal meistre norsk på B2-nivå i det felles europeiske rammeverket for språk innan tre år etter at dei er tilsett, slik at dei som eit minimum kan lese norsk tekst og forstå norsk tale. Med ein slik kompetanse vil dei kunne delta på norskspråklege møte og handtere spørsmål på norsk frå studentane, men eventuelt sjølv bruke engelsk munnleg.
Behov for heving av tospråkleg kompetanse bør vere eit fast punkt i medarbeidarsamtalen.
Tips:
Fleire institusjonar tilbyr kurs i norsk språk og kultur, t.d. UiO, som har kurs på tre nivå.
Formål: sikre at forskingsresultat blir formidla på godt norsk for å tryggje samfunnsoppdraga til institusjonane på området
Formidling til allmenta skjer oftast på norsk. Forskarar og studentar frå masternivå og oppover bør få tilbod om kurs i slik formidling og bli oppmuntra til å skrive artiklar for Store norske leksikon og forskning.no, kronikkar i aviser og fagbøker osb.
Fagformidling er med på å vidareutvikle norsk fagspråk. Det same gjer deltaking i ekspertutval som leverer offentlege utgreiingar og liknande dokument.
Internasjonale vitskapleg tilsette bør få tilbod om hjelp til omsetting eller anna språkhjelp for å kunne formidle forskingsresultat på norsk.
Formål: sikre at administrasjonsspråket som hovudregel er norsk
Mange administrativt tilsette treng å meistre både norsk og engelsk, og dei bør få tilbod om kurs. Det er viktig å ha felles retningslinjer for val av språk i e-postar, kunngjeringar, møtedokument, nettsidetekstar og i annan administrativ informasjon.
Faste tekstar og tekstar som gjeld heile institusjonen, bør vere tilgjengelege på både norsk og engelsk. Nettsider med informasjon som er viktig for tilsette, bør finnast i både norsk og engelsk versjon.
Viktige e-postar til mange mottakarar kan ha eit kort resymé på engelsk, ev. på norsk (avhengig av originalspråket).
UHRs tospråklege termbase med studie- og forskingsadministrativ terminologi bør gjerast lett tilgjengeleg på nettsidene til institusjonen.
Formål: sikre at internasjonale studentar og vitskapleg tilsette blir integrerte og får høve til å praktisere norsk
Institusjonen bør lage felles køyrereglar for språk i møte og sosiale arrangement.
I somme samanhengar kan det vere formålstenleg å bruke to språk samtidig i møte. Internasjonalt tilsette som framleis er i gang med å lære seg norsk, kan snakke engelsk, men lytte til norskspråklege som bruker norsk i møtet.
Hugs at møte og sosiale arrangement høver godt til å praktisere språkkunnskapane!
Tips:
Fleire institutt på NTNU, både i Trondheim, Gjøvik og Ålesund, arrangerer språkkafear, språklunsjar eller «norsk i lunsjen» eit par gonger i veka der tilsette kan møtast og snakke norsk.
Les meir:
Prop. 126 L (2022–2023)Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), s. 64.
Københavns universitet har eit eige forskingsbasert senter som m.a. tilbyr kurs i engelsk og dansk. Forskingssenteret tilbyr også behovsundersøkingar og testing av språkkompetanse.