Nye Ålesund er årets nynorskkommune 2019

No image

Nye Ålesund utmerkjer seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk, meiner juryen.

– Nye Ålesund er inne i ein krevjande samanslåingsprosess, og språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

Storkommunen, som kjem i drift i 2020, består av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. I intensjonsavtalen står det at kommunen skal ha nynorsk målvedtak. All publikumsinformasjon om den nye kommunen er på nynorsk.

– Språkspørsmålet har vore sentralt i diskusjonane rundt den nye storkommunen, og juryen håpar at prisen vil verke samlande i det vidare arbeidet, seier Kvarenes.

Ein føregangskommune

Nynorsk kjem til å bli ein naturleg del av opplæringstilbodet i den nye storkommunen, også for vaksne innvandrarar. Kommunen brukar òg nynorsk i møte med næringslivet, i sosiale medium og i innbyggjarmagasinet «I støypeskeia». Juryen meiner tiltaka er inspirerande for alle som arbeider i område med stort språkmangfald.

«Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma, og han kjem til å bli den største nynorskkommunen i landet. Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i den nye storkommunen og til å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen – også i det som i dag er ein bokmålsby», står det i grunngjevinga.

Kulturministeren delte ut prisen

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har gjort eit ekstra arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma.

Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen på eit frukostmøte på Kulturhuset i Oslo 21. oktober. Prisen er på 100 000 kroner.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter