Voss herad er årets nynorskkommune 2020

No image

(30.10.20) Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. Heradet er ein trygg støttespelar for innbyggjarane.

– Eg er glad for å dele ut prisen Årets nynorskkommune til Voss herad. Under koronapandemien har heradet vore trygg og klar i kommunikasjonen til innbyggjarane. Voss herad tar språk på alvor, og det dei får til, er både inspirerande og imponerande, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

To statsrådar til stades

Kulturministeren delte ut prisen på Nasjonalbiblioteket i Oslo fredag 30. oktober.

– Sjølv hadde eg påtvinga fritak frå sidemålsundervisning, fortalde Raja humørfylt da han skulle lese opp grunngjevinga frå juryen, og bad om orsak for nynorskuttalen sin. 

Difor hadde kulturministeren invitert statsrådkollega og nynorskbrukar Sveinung Rotevatn til å lese opp grunngjevinga.

Kulturministeren inviterte statsrådkollega og nynorskbrukar Sveinung Rotevatn til å lese opp grunngjevinga. Foto: John Erik Lindgren / Språkrådet

– Det er to prisutdelingar alle statsrådar gjerne vil vere til stades på. Den eine er nobelprisen. Den andre er årets nynorskkommune, sa Sveinung Rotevatn da han kom opp på scenen – til applaus frå salen.

Voss herad får prisen for arbeidet heradet har gjort med informasjon på nynorsk til innbyggjarane under koronakrisa. I takketalen fortalde ordførar Hans-Erik Ringkjøb om korleis heradet arbeider med kurs og organiserte «språkvener» i administrasjonen. Heradet samarbeidet òg med avisa Hordaland for å sikre klart og rett språk – på nynorsk – til innbyggjarane.

– For nynorsken ønskjer vi oss eit R-tal som er høgare enn 1, sa Ringkjøb i takketalen.

I takketalen fortalde ordførar Hans-Erik Ringkjøb om korleis heradet arbeider med kurs og organiserte «språkvener» i administrasjonen. Foto: John Erik Lindgren / Språkrådet

– Viss kvar nynorskbrukar rekrutterer ein ny, ser framtida lys ut for nynorsken.

Stort folkeleg engasjement

I år var elleve kommunar nominerte til prisen. Mellom dei var både gamle trygge nynorskkommunar og kommunar i pressområde.

– Nokre små kommunar, som Fedje og Åseral, var med i teten. Dei har få tilsette, men får mykje ut av lite og kan vise til særs godt arbeid. Så dei fortener ein ekstra klapp på aksla, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

På oppløpssida kjempa Hareid kommune, Voss herad, Kvinnherad kommune og Sunnfjord kommune. I ei uoffisiell røysting på framtida.no har over 250 000 stemt på sin favoritt.

– Det er utruleg inspirerande å sjå det folkelege engasjementet for prisen og for nynorsken, seier Kvarenes. Det viser at arbeidet kommunane gjer, er viktig for folk. Kvarenes meiner alle dei fire finalistane er vinnarar på kvar sin måte, og at alle fortener ros.

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa. Prisen er på 100 000 kroner.

Kulturdepartementet delte ut prisen

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

Kulturminister Abid Q. Raja delte ut prisen på Nasjonalbiblioteket i Oslo, fredag 30. oktober klokka 12.30. Prisen er på 100 000 kroner.

 

Kontakt:

kommunikasjonssjef i Språkrådet, Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82
juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter