Termposten 2/2019

Velkommen til juleutgåva av Termposten!

2019 har vore eit travelt og godt år for terminologiarbeidet. Det skjer mykje, både i universitets- og høgskolesektoren og i forvaltninga. Nokre av dykk har kanskje òg fått med dykk at utkast til ny språklov har vore på høyring. Språklova og ei ny stortingsmelding om språk skal etter planen bli lagt fram for Stortinget til våren. Språkrådet skreiv i høyringssvaret sitt at vi ønskjer ein eigen paragraf om terminologi og fagspråk, så no kryssar vi fingrane for at utvikling av norsk terminologi skal bli lovfesta i språklova.

I denne utgåva av Termposten kan du mellom anna lese om eit nordisk seminar om omgrepsarbeid og digitalisering, om lanseringa av Maritim ordbok og om korleis eit fagord blir fødd.

God lesing, og god jul!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter