Sidan sist
Arbeidsseminar om terminologi på PLAIN 2019
I september vart den internasjonale klarspråkskonferansen PLAIN2019 arrangert i Oslo, Noreg. Det var Språkrådet og Difi som var lokale arrangørar. På konferansen var det fleire norske innlegg om klarspråk, og i tillegg heldt Språkrådet eit kort arbeidsseminar om terminologi og terminologisk metode.
Frukostmøte om språk i akademia
Språkrådet har reist rundt med ei rekkje frukostmøte i universitet- og høgskulesektoren. I november var vi i Bergen der rektor ved Universitetet i Bergen, rektor ved Noregs handelshøgskole og prorektor ved Høgskulen på Vestlandet fortalde om arbeidet med språklege retningsliner ved institusjonane sine.
Ope terminologikurs i Bergen
Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning heldt det årlege terminologikurset sitt i november, også det i Bergen. Det var 30 deltakarar på kurset, og dei fekk lære om terminologiske verktøy og metodar av Marita Kristiansen, Håvard Hjulstad og Marianne Aasgaard.