Aktuell term

oksygen

Nobelprisen i medisin i 2019 gjekk til tre forskarar som har synt korleis cellene i kroppen kjenner att og tilpassar seg oksygennivået, ifølgje pressemeldinga frå Nobelförsamlingen. Historia til termen oksygen er ei historie om mistydingar og ulike namnetradisjonar.

Termen oksygen kjem frå gresk oxys (‘skarp, sur’) og -gen (‘fødd’, med fleire tydingar, m.a. ‘som lagar, framkallar’), ifølgje Nynorskordboka. Oksygen kan altså tyde ‘syredannar’. Sisteleddet -gen er også vanleg i namn på grunnstoff.

Oppgjennom historia har dette stoffet vore kjent under ulike namn, t.d. cibus vitae (‘livsføde, livsnæring’) og dephlogisticated air (‘luft frigjort frå eldstoffet flogiston’, som fleire vitskapsfolk trudde eksisterte).

Koplinga mellom dette stoffet og eld var altså kjent då den svenske kjemikaren Carl Wilhelm Scheele klarte å lage det i gassform. Han kalla gassen for eldluft fordi det var den einaste kjende faktoren som hjelpte til i forbrenningsprosessen, ifølgje Wikipedia.

Men det var franskmannen Antoine Laurent Lavoisier som i 1777 slo fast at denne gassen var eit grunnstoff. Han nytta to nye termar for å omtale fenomenet, principe oxygine og principe acidifiant, begge i tydinga ‘forsuringsprinsippet’, ifølgje Oxford English Dictionary. Han kopla altså oksygen opp mot syre i staden for eld fordi han meinte (feilaktig) at alle syrer inneheld oksygen. Nokre år seinare byrja han å omtale stoffet som oxygène (‘syredannar’).  

I Noreg nytta ein tidlegare termen surstoff, innlånt frå det tyske Sauerstoff. Men i 1962 foreslo Norsk Kjemisk Selskap å erstatte surstoff med oksygen. Då hadde oksygen allereie byrja å bli meir vanleg enn surstoff i norske bøker og tidsskrift, syner eit søk i basen til Nasjonalbiblioteket. Surstoff er likevel ein del i bruk enno, t.d. i samband med tilføring av oksygen til menneske.

Danskane nyttar eit ord for oksygen som ikkje knyter seg til forståinga av oksygen som syredannar. I 1814 foreslo den danske kjemikaren Hans Christian Ørsted nemninga ilt. Han tok utgangspunkt i det danske ordet ild, altså ‘eld’, og omdanna det til ilt, ifølgje Den Danske Ordbog.

Medan den danske nemninga byggjer på den eldre koplinga til eld, omtalar svenskane stoffet for syre, slik som dei andre språka. Bruken av syre for oksygen på svensk kan likevel skape misforståingar mellom nordmenn og svenskar. For det vi kallar syre på norsk, heiter syra på svensk.

Du kan lese meir om namn på grunnstoff på nettsidene til Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.12.2019 | Oppdatert:20.01.2021