Munnbind og tøymunnbind

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga rettleiingar for bruk og handtering av ulike typar munnbind, og regjeringa kom 14. august med ei tilråding knytt til bruken av munnbind på offentleg transport og i enkelte andre situasjonar.

Det finst både medisinske og ikkje-medisinske munnbind. Medisinske munnbind er produserte for bruk i helsetenesta og oppfyller gjeldande standardar for medisinsk bruk, medan det ikkje er knytt slike standardar til ikkje-medisinske munnbind. I juni i år lanserte derimot den europeiske standardiseringsorganisasjonen CEN ei tilråding om kva for krav som bør stillast til ikkje-medisinske munnbind.

Medisinske munnbind kjem i fleire variantar, og det er berre den eine typen som er tilrådd for ålmenta. Dei blir klassifiserte etter kor effektivt dei filtrerer bakteriar, og om dei vernar mot dropar og sprut. Dei tre typane er type I, type II og type IIR. Type II og type IIR, som òg går under nemninga kirurgiske munnbind, har litt høgare filtreringsgrad mot bakteriar enn type I. Type IIR vernar i tillegg mot dropar og sprut. Type I er den typen munnbind som er tilrådd for ålmenta, medan type II og IIR ifølgje helsestyresmaktene bør vere reserverte for helsepersonell.

Ikkje-medisinske munnbind kan vere heimelaga eller fabrikkproduserte. Dei kan òg anten vere laga for eingongsbruk eller vere vaskbare og såleis eigna for gjenbruk. Filtreringsevna (vernegraden) til ikkje-medisinske munnbind er ukjend, men dei kan redusere dropespreiing.

Tøymunnbind er ein type ikkje-medisinsk munnbind, og FHI definerer tøymunnbind som heimelaga eller fabrikkproduserte munnbind av tekstilar eller andre vaskbare stoff.

Me har då desse ulike typane medisinske og ikkje-medisinske munnbind:

FHI har laga rettleiingar for korrekt bruk av medisinsk munnbind og tøymunnbind.

Merk: På engelsk blir munnbind kalla face mask (‘ansiktsmaske’), og det har nok medverka til at munnbind og særleg tøymunnbind òg har blitt omtala som ansiktsmaske i norske tekstar. Me rår frå å bruke ansiktsmaske i denne tydinga. Éin ting er at ansiktsmaske har andre etablerte tydingar på norsk – tenk berre på ansiktsmasker i samband med hudpleie. Men viktigare er det at munnbind er eit så pass godt innarbeidd ord i norsk at me trur det skal mykje til for at folk ven seg til at det dei i dag oppfattar som munnbind, skal heite noko anna.

Spesielle masker blir òg brukte for å verne mot smitte. Fagtermen for slike masker er andedragsvern (åndedrettsvern på bokmål), men òg i fagleg samanheng blir dei ofte kalla nettopp masker. Eit hovudskilje mellom andedragsvern og munnbind er at andedragsverna har som funksjon å verne brukaren mot smittestoff eller anna forureining, medan munnbind først og fremst hindrar at smittestoff blir spreidd frå brukaren. Ein kan sjå (og eventuelt merke) skilnad på andedragsvern og munnbind ved at eit andedragsvern blir fest tett inntil ansiktet, medan eit munnbind sit etter måten laust. Poenget med at maska skal sitje tett, er at det skal vere minst mogleg lekkasje mellom maska og ansiktet. Helsestyresmaktene tilrår at andedragsvern berre blir brukte av helsepersonell. Universitetssjukehuset Nord-Noreg har laga eit faktaark om munnbind og andedragsvern/masker. Her kan du lese meir om skilnadene mellom dei to typane smittevernutstyr.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter