Aktuell term

No image

Svart hòl

Astronomitermen svart hòl vart aktualisert hausten 2020 da nobelprisen i fysikk gjekk til Roger Penrose, Reinhard Genzel og Andrea Ghez for deira forsking på svarte hòl. Men kvifor heiter det svart hòl, og kor gamalt er uttrykket?

Svart hòl er eit omsetjingslån. Det vil seie at uttrykket er direkte omsett frå eit tilsvarande uttrykk i eit anna språk. Långjevarspråket i dette tilfellet er engelsk, og opphavsuttrykket er sjølvsagt black hole.

I Språkrådets termwiki finst det ei eiga liste med astronomitermar, og der er svart hòl registrert med definisjonen ‘astronomisk objekt med så sterkt gravitasjonsfelt at ingen ting kan unnslippe’.

Det er altså ikkje snakk om eit hòl i eigenleg forstand, men ordet hòl gjev assosiasjonar til at det som kjem i nærleiken av objektet, blir drege mot det som om det dett ned i eit hòl. Ordet svart spelar på at gravitasjonskreftene er så sterke at sjølv ikkje lyset slepp unna.

Sjølv om fenomenet har vore omtala tidlegare, kom uttrykket black hole i bruk i publiserte tekstar i 1960-åra. Når uttrykket først vart brukt i norsk, er vi ikkje sikre på, men eit tidleg døme finst i ein kort artikkel med overskrifta «Om det sorte hull i verdensrommet» i avisa Lillehammer Tilskuer frå 1971.

Merk at den normerte forma på bokmål er svart hull. Forma sort hull er òg i bruk, men ho er altså ikkje innanfor offisiell rettskriving.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter