Smakebitar frå nordiske termbasar

Universitets- og høgskolerådets termbase

UHRs termbase er ein base over studieadministrativ terminologi utvikla av Universitets- og høgskolerådet (UHR). Basen har om lag 2000 postar med termar på bokmål, nynorsk og engelsk, og han dekkjer mellom anna emne som stillingskategoriar, vurderingsformer og utdanningsgradar. Basen har inngang gjennom Termportalen ved Universitetet i Bergen.

UHRs termbase blir mellom anna nytta av administrativt tilsette som treng tilgang på termar når dei set om tekstar mellom norsk og engelsk. Eit hovudføremål med basen er at han skal bidra til at universitets- og høgskolesektoren (UH-sektoren) får ein mest mogleg standardisert terminologi på både norsk og engelsk.

Basen blir utvikla og halden ved like av ei termgruppe med representantar frå UH-sektoren i tillegg til éin representant frå Språkrådet.

UHRs termbase har røter tilbake til 2005, men frå 2014 og fram til november i 2020 har det ikkje vore publisert nye termar i basen. I denne perioden har UHR arbeidd med å flytte basen over i ei meir moderne teknisk løysing. I november i år vart basen nylansert med nytt grensesnitt og betra funksjonalitet, og i same omgang fekk basen inngang frå Termportalen. Ved nylanseringa har basen òg blitt utvida med mange termar. Termgruppa har nemleg arbeidd med nye termar gjennom heile perioden, sjølv om dei ikkje har blitt publiserte på nett, og har dermed hatt eit lager av termar klare til nylanseringa. Blant dei nye termane finn vi til dømes open tilgang (engelsk open access), studieprogam (engelsk programme of study) og akademisk topprogram (engelsk honours programme).

I tillegg til termar inneheld mange av postane i basen éin eller fleire av desse opplysningstypane:

  • definisjon
  • kollokasjonar (ordkombinasjonar som termane ofte inngår i)
  • eksempelsetningar
  • merknad
  • relaterte termar

Termane i basen er dels samla inn av termgruppa, dels komne inn gjennom framlegg frå brukarar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter