Paddeflatt

Nyleg blei iPad lansert, og mange undrast på kva kulturelle og økonomiske omveltingar denne dingsen vil føre med seg. 

Ein språkleg konsekvens kan bli at vi omtalar det viktigaste tekstmediet vårt som pædd (no: bok, blad, avis). Her skal vi sjå på nokre alternativ og med det same drøfte eit par andre pad-ord, som dei siste åra har sprotti opp som paddehattar.

Alt på eitt brett

På engelsk kallar dei iPad mellom anna for tablet computer, men det kan vi ikkje bruke på norsk. Rett nok er tablettar opphavleg «små plater», men norske tablettar i dag er noko heilt anna. Tavle, plate eller brett er meir nærliggjande. Lesebrett, nettbrett og leseplate er gode og sjølvforklarande ord som alt er mykje bruka om iPad.

Nettbrett er mest velforma, med eit slåande rim og berre to stavingar, men tydinga kan bli oppfatta som avgrensa. To argument for leseplate er samanhengen med styreplate/peikeplate (engelsk touchpad) og det at svenskane brukar läsplatta. Men det svenske ordet har berre tre stavingar. Det har òg vårt lesebrett. Det er allereie godt etablert som nemning for liknande produkt, som Kindle.

Sminkeord og ordsminke

Andre «pæddar» er oftast òg flatvorne, men mjukare enn lesebretta. Til å fjerne sminke brukar ein i dag gjerne bomullpads, som oftast er samanpressa runde bomullsdottar. Bomullspadden, som somme skriv, kan òg brukast til å leggje på sminke. Dette blir kalla å padde (til liks med det å leggje på pads av andre slag – tradisjonelt å fôre, stoppe, polstre, vattere).

Nokre engelske pads kallar vi puter på norsk, som shoulder pad (skulderpute). Det skulle da gå fint å kalle cotton pads for bomullsputer. Bomullslapp er ei anna grei nemning, sjølv om ho òg kan vise til lappar av vovi tøy. På svensk er namnet bomullsrondell. Ein rondell er ei rund skive, så bomullsskive eller bomullsrunding er òg mogleg.

Å padde høyrer til ein pad slik å dytte opphavleg høyrde til substantivet dott. Men noko tilhøyrande verb til orda ovanfor lèt seg ikkje lett lage! Har du framlegg, kan du skrive til avlos(a)sprakradet.no.

I sminkeverda kan det somme tider vere vanskeleg å bruke norske ord. Men det er nok ikkje hovudgrunnen til at dei engelske orda står sterkt. Når leppeglans blir til lipgloss, eller jamvel sminke blir til makeup, er ikkje problemet skorten på norske avløysarord. Kanskje blir sjølve dei engelske orda bruka som sminke? Norske datamiljø har på si side nyss skipa til ei termgruppe som arbeider for norske dataord. Enn om «sminkemiljøa» ville «make up» for dette mishøvet mellom data- og sminkeverda? 

 

-- Av Daniel Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter