Nynorskrettskrivinga skal bli enklare

AV MARIT HOVDENAK

Frå høgre: Grete Riise, Åse Wetås, Karin Magnetun, Aud Søyland, Unn Røyneland, Tore Elias Hoel, Ragnhild Bjørge, Svend Arne Vee

Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Framlegg til ny rettskriving skal vera ferdig frå Språkrådet si side i mai 2011.

Nemnda har sju medlemer:

  • Seniorrådgjevar Grete Riise (62), Bergen, leiar. Riise er nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.
  • Førsteamanuensis Unn Røyneland (43), Oslo, nestleiar. Røyneland arbeider ved UiO og ved Høgskulen i Volda.
  • Journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo. Journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt.
  • Lærar Karin Magnetun (46), Ål, Torpo barneskule.
  • Lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø videregående skole.
  • Redaktør Svend Arne Vee (42), Flora. Vee er redaktør i lokalavisa Firdaposten i Florø.
  • Prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo. Wetås leier arbeidet i Norsk Ordbok 2014.

Sekretær for nemnda er språkkonsulent Aud Søyland (55), Leira.

I mandatet står det m.a.: «Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.»

Nemnda skal ta omsyn til faktorar som talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar. Den nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm. Arbeidet skal byggja på tidlegare arbeid med nynorskrettskrivinga, og det skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter