Leiar: Ny nynorsk?

Nei, ny nynorsk skal det ikkje bli. Som han skreiv, Olav H. Hauge, om nymånen – det blir vel helst den gamle. Språkrådet har no sett ned ei nemnd som skal gå gjennom den gjeldande nynorskrettskrivinga. Dei skal arbeida heile dette året og ha eit framlegg ferdig i byrjinga av 2011. Målet er klart: Endringane skal gjerast med sikte på forenkling. Og ei grunnleggjande endring veit me om alt. I den nye rettskrivinga skal det ikkje finnast sideformer (klammeformer). Etter 2011 skal det berre vera valfridom mellom likestilte former. På bokmål har det vore systemet sidan 2005; der kan ein berre velja mellom likestilte former. Døme: boka/boken, kasta/kastet, fram/frem. Etter 2011 vil altså bokmål og nynorsk (igjen) ha det same rettskrivingssystemet.

Språkrådet hevdar ikkje at denne revisjonen er sjølve grepet som vil styrkja nynorsk. Kor sterkt nynorsken står, heng først og fremst saman med politikk og haldningar. Men samstundes meiner me at viss rettskrivinga kan forenklast, vil det kunna vera eit bidrag til styrking. Det er dessutan eit mål å stabilisera rettskrivinga. Me bør gjera alt for å ha ein mest mogeleg brukarvennleg nynorsk. Rettskrivinga skal vera til hjelp for alle. I det offentlege og i skulen skal nye brukarar læra å skriva rett, og gamle brukarar skal kjenna igjen det dei har lært. Desse gruppene skal følgja rettskrivinga, slik alle som vil skriva korrekt, gjer. Olaug Nilssen, Edvard Hoem og Frode Grytten står likevel fritt til å eksperimentera med nynorsken og dyrka sin eigen språksans.

Kva kjem så nemnda til å foreslå? Det bør ikkje eg fundera på her – no skal Grete Riise, leiaren, og dei andre i gang med arbeidet. Men me treng ikkje tvila på at det blir valfridom; til dømes står e-infinitiv og a-infinitiv støtt. (Faktum er jo at a-infinitiven er den dominerande i Norden!) Me må heller ikkje tapa or syne at bokmål og nynorsk er skriftvariantar av det same språket. Utanlandske lingvistar hevdar at det er interessant – og kanskje smart – å ha ein slik skriftsituasjon. For det gir oss høve til å utvikla ein særeigen mangfaldsans.

 

Av Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter