Klipp

Eg veit ikkje kor mange gonger han sa det, men det er Barack Obamas pausesignal, når han etter eit retorisk fullkome resonnement stoggar opp og seier: «And yet.» Men likevel, ville vi ha sagt. For sjølv om det er slik og slik, så er det likevel ikkje så enkelt. Effekten er alltid den same. Det er ein del av måten å trollbinde eit publikum på, eit publikum ventande i andelaus spenning på neste gudsord. Kongen i å bruke pausar musikalsk var Miles Davis. Med det skaper han eit rom rundt seg og musikken, og det er han som spelar også når hornet hans teier.

Signaturen R.H. i spalta «Lita skrift» i Dag og Tid, etter Barack Obamas Nobel-tale 18.12.2009

***

Det er bare Per Petterson som kan tillate seg å skrive radikalt bokmål og samtidig få innlegget sitt uretta inn på spalteplass. Hvorfor? Fordi det er skjønnlitterært, antakelig, og ved helt spesielle anledninger ser det ut til å være tillatt å bruke den offisielle, skjønnlitterære (les: radikale) delen av bokmålsrettskrivinga også i Aftenposten.

Ingunn Indrebø Ims, doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap, i eit innlegg i Aftenposten 20.11.2009

***

Det er noko provoserande positivt over omgrepet utfordring. Grip dagen, liksom. Problem er langt betre. Problem er lettare å forholde seg til. Problem er noko konkret som vi kan sukke over og motvillig prøve å bli kvitt.

«Restskatt. No har eg eit kjempeproblem. Staten syg.»

Ta vare på problemet, elles sit du snart med fanget fullt av utfordringar. Hugs at du kan tykkje synd i deg sjølv når du har problem. Du kan søkje trøyst, og du kan distansere deg frå det. Det kan du ikkje når du står overfor ei utfordring. Utfordringar høyrest ut som noko ein skal glede seg til å ta tak i. Særleg når det er snakk om spennande utfordringar. Folk som snakkar om spennande utfordringar, sjølv kor mørk situasjonen måtte vere, er dei verste. Dei er minst like provoserande som folk som har gått på Steinerskulen, der dei går kring og ser mulegheiter i alt elende.

«Heisann! Restskatt! Her har vi ei spennande privatøkonomisk utfordr-ing.»

Det blir sagt at problemet ikkje forsvinn sjølv om vi ikkje snakkar om det. Like sikkert er det vel at problemet ikkje forsvinn sjølv om vi kallar det ei utfordring. Store eller små, problema ligg der uansett, med eller utan språk-sminke.

Finn Tokvam, forfattar, artist og programmedarbeidar, i eit innlegg i Bergens Tidende 21.11.2009

***

– Før pleide ofte norske artister si at det var lettere å synge på engelsk. Men det er det lenge siden jeg har hørt noen si. I dagens marked er det et kommersielt fortrinn å synge på norsk. Det er vanskeligere å etablere seg i det norske markedet som engelskspråklig artist.

Atle Bredal, musikksjef i NRK P1, intervjua i Dagsavisen 5.10.2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.03.2010 | Oppdatert:08.06.2015