Språknytt 1/2010

Forside Språknytt 1/2010

Nokre stikkord for Språknytt nr. 1/2010: Intervju med Tore Janson. Revisjonen av nynorskrettskrivinga og presentasjon av nemnda. Omtale av den første årlege rapporten frå Språkrådet om språkstoda i landet, Språkstatus 2010. Ein omtale av ei undersøking Språkrådet har gjort av kvaliteten i tv-tekstinga. Datatermgruppas arbeid for å utvikle norske dataord. Oppslag i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Som vanleg inneheld Språknytt dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Med andre ord, Klipp, Språkbrukaren og Historia bak.

Smakebitar
Tore JansonIntervjuet: – Språket er ein del av historia
Tore Janson har vore professor både i latin og i afrikanske språk ved Göteborgs universitet. Han meiner at det i det nærmaste hundreåret kjem til å forsvinne fleire språk enn nokon gong tidlegare. Samstundes trur han at sidan kommunikasjonen mellom folk aukar i heile verda, kjem dei fleste til å kunne meir enn eitt språk om to hundre år.
RettskrivingsnemndaNynorskrettskrivinga skal bli enklare
Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Framlegg til ny rettskriving skal vera ferdig frå Språkrådet si side i mai 2011.
«Stadnamn femner om ei tid frå før runene kom i bruk, fram til i dag.»Stadnamn som identitetsberar, vegvisar og kulturarv
Dei fleste har eitt eller fleire stadnamn som tyder noko spesielt for dei, namn som står for heimstad, reisemål, spenning, avkopling, namn som er merkte av vemod, namn som opnar hemmelege rom.
Kolofon

Ansvarleg redaktør: Sylfest Lomheim
Redaktørar: Svein Nestor og Åsta Norheim
Signerte artiklar frå eksterne skribentar står for forfattaren sitt syn.
ISSN 0806-2870 (elektronisk utgåve)
ISSN 0333-3825 (prenta utgåve)

Dette nummeret av Språknytt kom ut i mars 2010.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter