Ansiktsuttrykk

At ansikt er sett saman av an og sikt, skjøner me av at det er mange ord i norsk som byrjar på an-, t.d. anbodansvar, og at ordet an åleine ikkje tyder noko.

Ord som byrjar på an-, er ofte tyske. Det er sikt òg. Kva ordet sikt tyder, veit jo alle, for sikten kan vera både dårleg og god. Tysk har substantivet Ansicht, som ikkje tyder ’ansikt’ (det heiter Gesicht), men ’meining’. Det høver godt med at det me meiner om noko, er det synet me har på saka, og syn og sikt har med det å sjå å gjera.

Også åsyn tyder ’ansikt’. At sisteleden i åsyn er syn, som tyder ’sikt’, er openbert (jf. utsyn og utsikt), og å er her den norrøne preposisjonen á. Han tyder 'på', og opphavet til den preposisjonen er ei samantrekking av norrønt upp + á. Å finn me t.d. i substantivet åstad, som er ein stad der det har hendt noko kriminelt.

Tradisjonell nynorsk har også ordet andlet, som kjem av norrønt andlit. Når ansikt kan delast i an + sikt og åsyn i å + syn, så må mesta andlit delast i and + lit. And er den urgamle norrøne preposisjonen and, og er i slekt med antí, som er gresk og tyder ’imot’.

Men kva er så -lit i andlit? Me tek utgangspunkt i at -lit må tyda noko som har med syn eller sjåing å gjera, slik som sikt. Lit har truleg same rot som det norrøne sterke verbet líta, som tyder ’å sjå’. Ansikt, åsyn og andlet tyder altså 'det ein ser mot, eller på'. Det er logisk, for det fyrste ein ser på når ein møter ein ukjend, er andletet. Gotarane på 300-talet e.Kr. konsentrerte seg om augo, for dei sa and-augi for ’andlet’.

Det litauiske ordet for andlet er veidas, som opphavleg må ha tydd ’det ein ser på, eller mot’. Rota i veidas er den same som i det latinske verbet videre, som tyder ’å sjå’, og russisk vid tyder mellom anna ’ansiktsuttrykk’.

 

-- Av Svein Nestor, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.03.2010 | Oppdatert:08.06.2015