Stolt sjef frå Stovner

No image

Kva er samanhengen mellom Bredtvet videregående skole i 1983 og NRK i 2019? Thor Gjermund Eriksen og nynorsk er to av stikkorda.

TEKST: SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM | FOTO: KATRINE GADE

I 1970 fastsette Stortinget eit mål om at 25 prosent av innhaldet i NRK skulle vera på nynorsk. Snart 50 år etter ser det ut til at NRK når målet for fyrste gong. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier han blir svært stolt dersom det lykkast.

– Å nå målet har mykje å seie for posisjonen til nynorsken og det språklege mangfaldet.

Eriksen seier at han har eit personleg engasjement for språket, og det har han hatt lenge før han gjekk inn dørene til rikskringkastinga.

– Eg kjem frå Groruddalen og snakkar «ekte» austkantdialekt. Det er ein dialekt som er like verdifull som andre dialektar frå andre dalar, men sosialt og språkleg har han nok ikkje blitt like høgt verdsett. Allereie som ungdom var eg oppteken av at vi skulle kunne snakke vårt eige språk. På starten av 1980-talet ville Norges Gymnasiastsamband kvitte seg med sidemålet i vidaregåande. Da kjempa eg for sidemålet, og eg fekk med meg fleirtalet. Tenk det, fleirtal for sidemål i Groruddalen!

Nettet er akilleshælen

Når NRK reknar ut nynorskprosenten, registrerer dei halvparten av all dialektbruk som nynorsk. Nynorskprosenten får dermed litt draghjelp av dialektane i etermedia. På nettet er det annleis, der er det skriftlege innhaldet naturlegvis anten på nynorsk eller bokmål. På nettet er nynorskdelen rundt 17 prosent.

Vi må levere kvalitet i verdsklasse.

– Tilbodet vårt til publikum er meir skriftleg i dag enn det var tidlegare. Det betyr at vi får eit større ansvar for det skriftlege. Innhaldet på nett er akilleshælen vår nå. Eg håpar vi kjem dit at vi ikkje er spente på om vi når nynorskmålet. Det skal ikkje vera som ein høgdehoppkonkurranse, der vi i beste fall, med eit skikkeleg fråspark, akkurat kjem over lista på 25 prosent. Nynorskbruken i NRK skal vera stabil, bra og naturleg. Men vi kjem ikkje til å få ein stabil nynorskprosent viss ikkje det skriftlege tilbodet på nynorsk går vesentleg opp.

Korleis jobbar de for å få opp nynorskbruken på nettet?

– Vi må etterspørja og anerkjenne nynorsk. Vi har prøvd å vekkje dei vi kallar sovande nynorskbrukarar. Med det meiner vi journalistar som kan nynorsk, men som skriv på bokmål. Somme gonger seier eg personleg til reporterar at eg har sett at dei kan nynorsk, og ber dei om å skrive meir. Vi må òg ta i bruk ny teknologi og nye metodar. Nettsjef i NRK Hildegunn Soldal har sett i verk eit prosjekt med ein nynorskrobot, som skal generere meir innhald på nynorsk. Der ser vi gode resultat allereie den fyrste månaden.

Ein stor del av nynorskartiklane på nrk.no kjem frå distriktskontoret i Sogn og Fjordane. Eriksen meiner det er naturleg at nynorsk er meir brukt på Vestlandet enn andre stader, samtidig som det er eit mål at nynorsk skal bli brukt i alle samanhengar i heile landet.

– Sogn og Fjordane kan ikkje ta jobben for heile NRK. Det blir feil. Vi har hatt nynorskbrukarar i NRK Østlandssendingen, for eksempel. Det skal vera like naturleg å formidle nyheiter på nynorsk i Oslo-området som det er andre stader i landet. Vi har mange artiklar på nett som blir lesne av mange, men som ikkje er av dei største eller viktigaste nyheitene. Eg trur det er viktig å bruke nynorsk også i slikt stoff.

Søkjer sjef med smittande engasjement

Ragnhild Bjørge slutta tidlegare i år som språksjef i NRK, etter å ha sete i stolen i seks år. NRK er nå i gang med å tilsetja ein ny person i denne stillinga. I utlysingsteksten søkjer dei etter ein person som har gode kvalifikasjonar innan både journalistikk og språk. Dei etterlyser òg nokon som kan spreie entusiasme og engasjement rundt språkarbeidet.

– Ein språksjef må vera ei positiv drivkraft i organisasjonen vår. Det skal vera gøy å jobbe med resultat, gøy å diskutere språklege utfordringar, gøy å anerkjenne godt språk.

Kva oppgåver blir dei viktigaste for den nye språksjefen?

– Språksjefen må sørgje for at vi når språkforpliktingane våre, sørgje for å halde oppe språkdiskusjonen og setja inn tiltak. 90 prosent av det norske folket er i kontakt med NRK kvar dag. Vi er dermed i ein heilt utruleg posisjon. Når nye ord, uttalar og omgrep blir tekne i bruk, er det ofte gjennom NRK dei blir allemannseige.

I løpet av dei siste åra har mediebruken endra seg mykje i Noreg. Folk ser mindre og mindre på lineær-tv, medan bruken av digitale tenester aukar. I den nye teknologien må ein passe på at språket har ein viktig plass.

– Språksjefen må vera oppteken av teknologi og digitalisering. NRK er ein av dei institusjonane som i praksis digitaliserer språkbruken til folk. Vi leverer digitalt innhald med lyd, skrift og stemmestyring. All denne teknologien inneheld språk, og vi må passe på at alt blir utvikla på norsk. Dessutan har vi eit ansvar for både samisk og nynorsk i dei digitale tilboda.

Må bruke eit språk dei unge kjenner att

Det er nok inga overrasking at barn og unge er dei største konsumentane av digitalt innhald. Og det er mange aktørar som kjempar om merksemda til dei yngste. YouTube, Netflix og dataspel er blant dei argaste konkurrentane til dei tradisjonelle fjernsynskanalane. Korleis greier ein å nå fram til dei unge med eit norskspråkleg tilbod?

– Dette er kjernen i oppdraget vårt. Men vi kan ikkje trygle folk om å sjå på NRK fordi det er på norsk. For 40 år sidan, da eg begynte å gå på kino, sa alle at «den filmen var kjempegod til å vera norsk». I ein slik situasjon tapar det norske språket. Vi må levere kvalitet i verdsklasse. Innhaldet må treffe dei unge og bli opplevd som like fantastisk, nyttig eller provoserande som verdas dyraste innhald frå Hollywood. «Skam» er eit godt eksempel. Eg heldt nyleg eit føredrag for fransk tv, dei elskar sin franske versjon, og den heiter faktisk «Skam» der òg.

Nynorskbruken i NRK skal vera stabil, bra og naturleg.

Eriksen trekkjer også fram «17» og «18», ein dramaserie med fleirkulturelle tenåringsgutar frå Oslo aust i hovudrollene. Handlinga i serien går føre seg i heimtraktene til kringkastingssjefen, og han vedgår at han vart overraska over kor mykje språket har endra seg sidan han var ung.

– Eg fekk ei aha-oppleving i fjor, da vi lanserte «17». Dei snakkar eit språk eg nesten ikkje forstår. Vi hadde aldri greidd å nå fram til dei unge viss vi ikkje hadde brukt språket deira. Ein kan meine mykje om «sjøtt» og «sjole» og «sjino», men vi er nøydde til å tillata det språket folk kjenner seg att i. Før var nesten alt innhald i radioen manusbasert. Det var eldre menn som snakka førebudd og autoritært. Nå er meir av innhaldet direkte. Det er mindre førebudd og meir ekte. Det er eg stolt av, for det har auka aksepten for dialekt og mangfald. Dette er ein evig balansegang. Vi har eit stort ansvar for den langsiktige språklege utviklinga, samtidig må vi vera relevante her og nå.

Det å vera synleg gjev større aksept

Radiohuset på Marienlyst er i seg sjølv eit eksempel på balansegangen mellom det langsiktige og det aktuelle. Her er ei hektisk mediebedrift i konstant endring ramma inn i eit verneverdig hus med høg arkitektonisk verdi. Men snart er NRK si tid på Marienlyst historie. I framtida kjem ikkje den øvste sjefen i NRK til å ha kontor blant teakmøblar og hemmelege gangar i fjerde etasje i radiohuset, men i eit toppmoderne bygg ein annan stad i Oslo-området.

Vi har eit stort ansvar for den langsiktige språklege utviklinga, samtidig må vi vera relevante her og nå.

Mykje kjem òg til å endre seg ved distriktskontora rundt omkring i landet. I samband med regionreforma er det varsla at det vil bli endringar i organiseringa av distriktskontora. I skrivande stund er det nettopp avgjort at dei nye sendingane i Oslo- og Viken-området skal sendast frå Fredrikstad. Eriksen er ikkje uroa for at endringane skal få konsekvensar for språket i NRK.

– Ein kan ha mange bekymringar rundt regionreforma, men eg meiner at dei tilpassingane NRK gjer, ikkje gjev grunnlag for språkleg bekymring. Vi kan ikkje vera dei einaste i verda som held fast på Østfold og Sogn og Fjordane. Det betyr ikkje at vi skal slutte å laga nyheiter frå desse stadene. Det ligg ingen planar i NRK om at tilpassinga av tilbodet skal føre til sentralisering av distriktstilbodet til NRK. NRK var ikkje perfekt før heller, vi må alltid vurdere nye satsingar.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen | Foto: Katrine Gade

Kor høgt oppe på dagsordenen er språkoppdraget når NRK endrar og utviklar organisasjonen sin?

– Den språklege debatten og medvitet er høgt oppe. Vi må stadig vega den langsiktige utviklinga opp mot det som er relevant akkurat nå. Aksepten for språkleg mangfald i Noreg er heilt annleis i dag, noko eg trur NRK har litt av æra for. Hadde vi ikkje sleppt til alle dialektane i NRK, trur eg nesten vi framleis ville hatt utleigeannonsar med «nordlendinger er uønsket».

– Vi har òg ansvar for tilgjengelegheit: Personar med nedsett syn eller høyrsel skal ha eit eige språktilbod. NRK har mange program med teiknspråktolking og teksting. Samtidig har teknologien gjeve oss mange parallelle tilbod. Sjølv om tilboda er tilgjengelege, er dei ikkje alltid like synlege, fordi ein kan velja dei bort. Vi veit frå samfunnet elles at det å vera synleg gjev aksept. Det er aldri bra å gøyme bort noko.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter