Språklege utfordringar i høgare utdanning

Korleis blir fagspråket når undervisninga skjer på engelsk og eksamenssvaret skal skrivast på norsk? Språkrådet har undersøkt språkbruken på eksamen.

AV MARITA KRISTIANSEN

I 2016 endra Noregs handelshøgskole (NHH) undervisningsspråk frå norsk til engelsk i organisasjonsteori, eit av dei obligatoriske emna i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Tidlegare har pensumboka vore på engelsk og forelesingane på norsk. No er også undervisningsspråket engelsk, medan studentane framleis kan skrive eksamenssvara på norsk, alternativt på engelsk.

Ulikt syn på språkskiftet

Dette språkskiftet var bakgrunnen for ei (intern) undersøking Språkrådet fekk gjennomført i 2016. Undersøkinga blant 258 studentar viste eit ulikt syn på språkskiftet ved NHH. Nokre meinte at dei ville lære meir, medan andre meinte at undervisning på engelsk ville svekke læringsutbyttet og gjere det meir tidkrevjande å studere faget.

Språkskifte er ikkje noka ukjend problemstilling i høgare utdanning. Reint språkpolitisk er det interessant å finne meir ut om korleis fagspråket blir sjåande ut når undervisninga er på engelsk og eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og om studentane klarer å tileigne seg eit norsk fagspråk, slik intensjonen er i språkstrategiane til institusjonane.

Dette var bakgrunnen for ei undersøking frå i år av språkbruken i eksamenssvara, der ein såg på kva faguttrykk studentane brukar på eksamen for å skildre dei aktuelle omgrepa. Materialet omfattar 247 eksamenssvar. 57 av dei er skrivne på engelsk. Minst 39 av dei 57 er skrivne av norskspråklege.

Språkblanding på eksamen

Innleiingane i nokre av eksamenssvara viser at det ikkje er lett å velje kva språk ein skal bruke på eksamen. Eit typisk eksempel: «Denne eksamenen vil bli besvart på norsk, men kan innehalde engelske ord og uttrykk frå teorien.»

Ein del studentar har eit engelsknivå som er så dårleg at det hemmar formidlinga av innhaldet.

Eksamenssvara er sorterte i fire kategoriar: «heilt norsk», «hovudsakleg norsk», «norsk med engelske termar» og «heilt engelsk». I kategorien «heilt norsk» finn ein også tekstar med berre éin engelsk term, medan det i svar på «norsk med engelske termar» i hovudsak er nytta engelske faguttrykk. Desse sitata er typiske for eksamenssvar skrivne på høvesvis «hovudsakleg norsk» og «norsk med engelske termar»:

Sentralisering av makt vil si at makten er holdt av managers høyt i hierarkiet [...]. Ved bruk av mutual adjustment styres prosessen av kompromisser og gjensidig tilpasning mellom de ansatte, og arbeidsprosessen er mindre forutsigbar.

Ved design av organisasjonens struktur møter en ulike challenges på veien mht vertikal og horisontal differentiation, differentiation og integration, centralization og decentralization samt standardization og mutual adjustment. Hvordan disse fire challenges løses resulterer i strukturen til organisasjonen. […] Det er her viktig å presisere at ingen organisasjoner er pure mechanistic eller organic.

Det er viktig å understreke at NHH-studentane har gode karakterar frå vidaregåande, også i norsk.

Dårleg engelsk og engelskpåverka norsk

Terminologien i faget organisasjonsteori består til dels av ord frå allmennspråket, slik som byråkrati (bureaucracy), karriere (career) og åtferd (behaviour). Nokre ord er meir tekniske to-ords uttrykk, slik som byråkratiteori (bureaucracy theory), karrieremobilitet (career mobility) og avgjerdsprosess (decision process). Desse uttrykka finst òg i allmennspråklege ordbøker, men i organisasjonsteori er dei nemningar på særskilte fagomgrep som derfor blir snevrare definert enn i allmennspråket.

Hovudfunna viser at meir enn halvparten av studentane har valt å skrive eksamenssvaret på norsk, med mykje bruk av norsk terminologi. Resten brukar engelsk fagspråk. Dei norske og engelske faguttrykka blir introdusert på ulike måtar, mellom anna ved bruk av hermeteikn. Både norsk og engelsk blir nytta i same setning for å skildre det same omgrepet (subordinates og underordnede). Vidare nyttar studentane hybridtermar (mechanistic strukturer, vertikal differentiation), engelsk orddelingsmåte på norsk og ei rekkje termvariantar for å skildre det same omgrepet.

Undersøkinga viser at fleirtalet av dei som nyttar engelsk, har eit middels til godt språk. Resten har eit engelsknivå som er så dårleg at det hemmar formidlinga av innhaldet. Det er også tendensar til at engelsk språkføring påverkar norsken («i min mening», «i kontrast med»).

Den språklege kvaliteten på eksamenssvara gjev grunn til å tru at studentane ville ha vore flinkare til å formidle fagkunnskap skriftleg om dei hadde fått høve til å arbeide meir systematisk med faguttrykk, både norske og engelske.

 

-- Marita Kristiansen er forskar II ved NORCE og leiar av Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2019 | Oppdatert:25.01.2021