Norrønt i beste sendetid

No image

Sjå for deg at du opnar innboksen og får auga på ein openberr søppelpost. I staden for å slette han les du innhaldet. Halvtanna år seinare står du på den raude løparen, klar for premiere. Og alt dette har skjedd fordi du er lingvist.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Omtrent slik gjekk det til da André Nilsson Dannevig fekk ein e-post frå serieskapar Anne Bjørnstad. Ho var ute etter språkvitarar som kunne hjelpe henne med å utvikle språk til ein dramaserie for tv-kanalen HBO. I serien skulle det dukke opp fortidsmenneske frå ulike tidsepokar, og her skulle det ikkje takast nokon språklege snarvegar.

– På denne tida var eg tilsett ved MultiLing – Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo. Anne hadde funne namnet mitt på ei oversikt over vitskaplege assistentar og sende meg ein e-post. Universitetet hadde slite med søppelpost i denne perioden, så da eg såg orda tv-serie og HBO i tittelfeltet, var eg sikker på at det berre var tull. Men det kunne ikkje skada å klikke seg inn, tenkte eg, og da skjønte eg fort at det var ein seriøs førespurnad, seier Dannevig.

Han kjende til to andre lingvistar på universitetet som også passa inn i prosjektet. Og når kontakten med serieskaparane var etablert, var det inga tid å miste.

– Anne spurde meg når det passa å møtast. I morgon, svarte eg. Etter det gjekk alt ganske fort.

Resultatet har vorte til serien «Beforeigners», som hadde premiere denne hausten.

Steinalderspråk, norrønt og dannet dagligtale

Det boblar og syd i havet utanfor operaen i Oslo. Mystiske skapningar begynner å dukke opp. Det viser seg at det er menneske frå ei anna tid som har hamna i vår tidsalder. Fortidsmenneska kjem frå tre ulike periodar: steinalderen, norrøn tid og 1800-talet.  Dette er grunnideen i serien «Beforeigners», eller «Fremvandrerne», som han blir kalla på norsk.

Serieskaparane Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin | Foto: Agnete Brun

Anne Bjørnstad, som har skrive serien saman med Eilif Skodvin, fortel at dei la stor vekt på språket til framvandrarane.

– Serien handlar om flyktningar som kjem frå fjerne tider. Universet vi har laga, skal på eitt nivå fungere som ein allegori over eit fleirkulturelt samfunn, og da blir språket ein viktig del. Språket heng så tett saman med identiteten vår og røper med ein gong om du høyrer til majoriteten eller ein av minoritetane.

De har brukt mykje ressursar på språkarbeidet i denne serien. Men det er vel ikkje så mange som hadde merka forskjell om personane hadde snakka islandsk i staden for norrønt?

– Målet vårt var at det skulle vera truverdig for sjåarane at menneska på skjermen hadde reist i tida, og da vart språket eit viktig verkemiddel. For dei fleste sjåarane er det berre ein nyanseforskjell mellom norrønt og islandsk. Men vi trur nettopp at nyansane er avgjerande i ein slik serie. Sidan det norrøne språket er så godt dokumentert, meinte vi det måtte vera mogleg å få det til. Vi meiner dessutan at det har ein stor estetisk verdi at vikingane brukar vikingspråk.

Med fleirtemporal bakgrunn

Flyktningane i «Beforeigners» kjem ikkje frå andre land, men frå andre tider. Difor er det mange nyord i serien som blir brukte for å skildre dei som har vandra framover i tida. Orda minner om ord vi brukar i dag for å skildre ulik geografisk tilhøyrsle og nærståande fenomen, og såleis verkar dei både litt kjende og litt framande. Rasisme er ikkje lenger eit problem i serien, der har tidsismen teke over. Staten har sjølvsagt oppretta eit framvandringsdirektorat for å handtere den store tilstrøyminga. Ordet viking blir oppfatta som nedsettjande, det er meir korrekt å seia person med norrønt opphav.

Vi starta med å laga ei liste over nyord i Beforeigners-universet.

– Eilif og eg har arbeidd som humortekstforfattarar, vi er glade i å leike med ord. I starten av prosjektet, før vi hadde skrive manus, ville vi sende noko til HBO som kunne gjeva dei eit inntrykk av det mangfaldige universet vi såg for oss i serien. Så vi starta med å laga ei liste over nyord i Beforeigners-universet. Det var ein bra måte å utvikle serien på, seier Bjørnstad.

– Er serien ein kritikk av språket vi brukar om flyktningar i dag?

– Vi har ikkje hatt noko spesielt mål eller nokon politisk agenda med serien. Det var meir eit ynske om å utforske fenomenet innvandring. Når ein endrar verkelegheita litt, er det lettare å ta for seg sensitive tema på ein lettbeint måte, for alle kan vera med på humoren. Ein kan le av underlege situasjonar og kulturar som krasjar utan å måtte ta stilling i debatten.

Eit konstruert urspråk

Dei «eldste» innvandrarane i serien kjem frå steinalderen, fleire tusen år før Kristus. Julian Kirkeby Lysvik fekk det omfattande oppdraget med å skapa eit språk til desse urtidsmenneska. Språket fekk etter kvart namnet mesolittisk. Lysvik, som til dagleg er stipendiat ved Universitetet i Oslo, fortel at det er umogleg å rekonstruere eit språk så langt attende i tid på ein vitskapleg måte. Steinaldermenneska i Norden snakka ganske sikkert eit språk som ikkje er i slekt med dagens norsk.

Julian Kirkeby, André Nilsson Dannevig og Alexander K. Lykke. Foto: privat

– Dette er lenge før den urindoeuropeiske tida, så vi veit lite om kva språk som vart snakka i Noreg. Det finst språkrestar i Europa som ikkje stammar frå urindoeuropeisk. Slike språk er truleg leivningar frå tida før indoeuropearane kom. Baskisk er eit eksempel på eit slikt språk.

Eg har lånt fenomen frå mange ulike språk for å byggje dette urtidsspråket.

Sidan flyktningane i «Beforeigners» ikkje kjem frå andre land, var det viktig for serieskaparane at dei ikkje skulle ha ein aksent som høyrdest kjent ut. Steinalderspråket skulle ikkje minne om andre språk. Lysvik tok difor utgangspunkt i korleis uttalen og aksenten skulle høyrast ut. Så laga han rett og slett eit språk ut frå det, med eit fullverdig og avansert grammatisk system.

– Eg har lånt fenomen frå mange ulike språk for å byggje dette urtidsspråket, mellom anna frå baskisk, persisk og hebraisk.

Grammatikken i mesolittisk har heilt andre system enn vi har i norsk, forklarar Lysvik. I norsk har vi nominativ og akkusativ, som inneber at vi seier eg i subjektsform og meg i objektsform.

– Mesolittisk har eit system som kallast absolutiv-ergativ. Der markerer ein subjektet i staden for objektet. Dette finn vi i baskisk og i nokre språk i India. Mesolittisk er i tillegg det vi kan kalle eit hovudfinalt språk, der verbet blir plassert lenger ut i setninga enn i norsk. På mesolittisk kan ein for eksempel seia eg pizza et. Det er eit svært verbtungt språk. Verbet gjer mykje av den grammatiske jobben og kan fortelja mykje om både subjektet og objektet.

Ein milepåle for nordiske språk

Hovudpersonen i «Beforeigners», Alfhildr Enginnsdóttir, har framvandra frå rundt år 1000. Ho har norrønt som morsmål, og i mange av scenene i serien blir det snakka norrønt. Takk vere Alexander K. Lykke har norrøne gloser vorte stor underhaldning.

Det er ein milepåle for nordiske språk at norrønt er på skjermen på denne måten.

– Så vidt eg veit, er det fyrste gong norrønt er på skjermen på denne måten. Det er ein milepåle for nordiske språk.

Lykke er stipendiat ved Universitetet i Oslo og forskar på endringar i språket til tospråklege amerikanarar med norsk som morsmål. Tidlegare har han drive med historiske disiplinar, spesielt latin og norrønt.

Ágústa Eva Erlendsdóttir som Urðr Sighvatsdóttir og Krista Kosonen som Alfhildr Enginnsdóttir. Foto: Eirik Evjen /HBO

Oddgeir Thune som Navn Ukjent. Foto: Lukas Salna / HBO

– Dei norrøne tekstane vi har, er nedskrivne på ulike tidspunkt. Nokre har eit meir arkaisk språk enn andre. Eg har konsekvent valt dei eldste formene eg kunne finne. Så det er ikkje snakk om nokon rekonstruksjon, eg har brukt den norrøne ordboka aktivt.

Nettopp Norrøn ordbok har bydd på ei utfordring, sidan ho berre inneheld omsetjing frå norrønt til norsk.

– Det finst ingen ordbøker som omset frå norsk til norrønt. Det kunne vore eit nyttig læringsverktøy, så nokon må gjerne gjeva eit tilskot til ei slik ordbok! Dersom det er nokre velgjerarar der ute som ynskjer seg meir norrønt språk i samfunnet, kan dei gjerne ta kontakt med meg. Det å omsetja til grammatisk riktig norrønt er ei utfordring i seg sjølv. Eg er mest redd for å bruke feil kasus eller gjera kongruensfeil. I tillegg er det mange konsept og talemåtar som ikkje fanst i norrøn tid. Det er ikkje vanskeleg å omsetja la oss gå rett til norrønt, men korleis skal ein omsetja meir talespråklege uttrykk som kom igjen og vi stikk? Ofte har eg valt å ein rett fram måte å seia ting på, som la oss gå. Det er ikkje sikkert at ei slik vending var gamalmodig på norrønt.

Talefjøl og lovvaktar

Lykke fortel at mange er oppglødde over nokre av dei norrøne nyorda han har laga.

– Eg kalla smarttelefon for talefjøl, altså talafjǫl på norrønt. Alle synest det er morosamt, samtidig som det er noko alle kan forstå. Men eg strevde da eg skulle finne eit ord for politi. Det kunne for eksempel heitt lǫgvǫrðr, altså ein som vaktar lova. Men det syntest serieskaparane vart for fjernt og lærd, så vi brukte politi med norrøn uttale i staden. Det er naturleg at dei norrøne ville lånt ord frå nåtidsnorsk, så det var ei god løysing.

Nicolai Cleve Broch som Lars Haaland og Krista Kosonen som Alfhildr Enginnsdóttir. Foto: Eirik Evjen / HBO

Kva med uttalen, veit vi noko om korleis norrønt høyrdest ut?

– Vi veit ganske mykje om korleis lydane vart uttalte. Da dei begynte å skrive norrønt med latinske bokstavar på 1000-talet, skreiv dei slik dei snakka. Dei brukte skriftkunnskapen frå latin til å skrive så likt talemålet som dei greidde. Vi har òg nokre fantastiske kjelder frå Island frå 1100- og 1200-talet. Det er ganske sofistikerte grammatiske analysar av språket. I tillegg har vi ein stor historisk-komparativ forskingstradisjon, der ein knyter det gamalnorske til germansk og indoeuropeisk.

Men sjølv om vi veit mykje om korleis dei ulike lydane vart uttalte, veit vi lite om setningsmelodien. Her måtte serieskaparane gjera nokre kreative val, seier Lykke.

– Tonefallet i norrønt var neppe heilt likt noko av dei moderne nordiske språka. Men serieskaparane bestemte seg for at det norrøne språket skulle ha eit islandsk tonefall, fordi eit norsk tonefall ville klinge litt for kjent. Det var eit poeng at det skulle vera litt meir framandt.

Moderne klokkardansk

André Nilsson Dannevig, han som fekk den fyrste e-posten med spørsmålet om å bidra til serien, har sjølv hatt oppgåva med å røkte språket til framvandrarane frå 1800-talet. Han fortel at det var ei utfordring å finne ein balansegang mellom dansk og moderne norsk. Dannevig tok utgangspunkt i talemålet til overklassen i Oslo på slutten av 1800-talet.

– Eg arbeidde mykje med uttalen, og eg bestemte meg for nokre ting vi skulle leggje vekt på. Eg ville ikkje at det skulle vera for ibsensk, men personane skulle heller ikkje låte som nåtidsmenneske. Eg la inn nokre ting som ikkje er riktige, for eksempel blaute konsonantar. Dei seier pibe i staden for pipe. Andre talemåtar er meir realistiske, som at dei uttalar også som «åkså», ikkje «åsså», som vi ville sagt i dag. Språket vart ein slags modernisert klokkardansk med svært tydeleg uttale.

Kva har endra seg mest i språket dei siste hundre åra?

– I Oslo har det endra seg ein god del. Ein del av variasjonen i dialektmangfaldet er borte. På slutten av 1800-talet snakkar ein gjerne om to «bymål» i Oslo: folkemålsvarianten og riksmålsvarianten. I folkemålet sa ein for eksempel «ævva» i staden for «øynene», og trykket låg på fyrste staving i ord som «avis» og «stasjon». Denne varianten har likskapar med det som blir kalla austkantdialekt i dag. Riksmålsvarianten hadde trekk frå dansk, som «farve» i staden for «farge», monoftongar i ord som «røk» og «slev» og bortfall av hokjønnsformer. Sidan framvandrarane frå 1800-talet representerer den vesle delen som snakka ein slags danna daglegtale, har eg meska meg i hankjønnsformer, monoftongar og det som vil bli oppfatta som klar diksjon.

Gamalsamisk gjestespel

I ei av fortidsscenene i «Beforeigners» er Alfhildr i Finnmark, der ho møter nokre samar. Julian Kirkeby Lysvik, som jobba med steinalderspråket, tenkte at det umogleg kunne la seg gjera å laga replikkar på gamalsamisk. Dei eldste samiske tekstane stammar frå 1600-talet. Men plutseleg dukka kollega Rolf Theil opp. Han kunne fortelja at han akkurat hadde skrive ein artikkel om gamalsamisk, så han tok jobben med å rekonstruere språket, fortel Lysvik.

– Rolf Theil har sett på dei ulike samiske språka og funne fellestrekk som dei kunne ha utvikla seg ut frå. Så det er sannsynleg at den rekonstruerte gamalsamisken er ganske realistisk. Den fyrste setninga ein hadde høyrt på gamalsamisk på veldig, veldig lenge, var «eg vil kysse han der sola aldri skin», he-he.

Anne Bjørnstad visste ikkje før på premieren at gamalsamisken var rekonstruert og ikkje fri dikting. Da lingvistane fortalde det til henne, vart ho nokså overraska.

– Eg fekk heilt gåsehud. Det er ganske stort, vi har laga replikkar på eit språk som ingen har snakka på 1000 år.

Ho rosar både skodespelarane og lingvistane for arbeidet dei har lagt ned.

– Eg trong nokon som hadde spesialkunnskap, og som samtidig var interesserte i formidling og kunne vera litt frie. Det  var eit gjennombrot da eg fekk kontakt med André, Alexander og Julian. Dei tok saka, og eg følte at dei skjønte alt med éin gong. Dei var ei gåvepakke for prosjektet. Det ville ha vore umogleg å få det like bra utan dei.

DØME FRÅ ORDLISTA FOR SERIEN
Anti-Tidsistisk Senter (org.)

frivillig organisasjon som jobber med å bekjempe diskriminering av fremvandrere

én-åtter (subst., slang)

person som er født på 1800-tallet

håndsol (subst., fremvandrer-slang)

lommelykt

Jeger&Sanker (idiom., egennavn)

populær dating-app for beforeigners

pungmøyer (subst., pl., fremvandrer-slang, nedsettende)

den store gruppen moderne menn, som etter vikingenes syn ikke er ekte mannfolk

svømmeknappen (subst., nedsettende)

beskriver det digitale ID-kortet fremvandrere får når de er ferdige med registreringsprosessen hos FDI

vindpinne (subst., fremvandrer-slang)

hårføner

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2019 | Oppdatert:25.01.2021