Språkkunnig prisvinnar

No image

Forfattar Kristin Fridtun er vinnar av Språkprisen 2019. Forfattaren formidlar fagkunnskap og argumenterer ryddig og lettfatteleg i tekstar med karakteristiske innslag av språkleik og humor. 

Kristin Fridtun fekk prisen for bøkene Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt (2019).

Fridtun er mest kjend som ein framifrå formidlar av språkkunnskap, og som samfunnsdebattant med spesiell interesse for kjønn. Gjennom ei rekke bøker har ho gått i djupna på kjønnsroller, identitet og transproblematikk.

Mangfaldig formidlar

Fridtun skriv konservativ nynorsk med så god flyt at lesaren raskt venner seg til former som «mestsom» og «andsynes». Saman med dei personlege erfaringane ho flettar inn, har ho såleis utvikla ein stil det er lett å identifisere som «fridtunsk», skriv juryen.

I forfattarskapen er ho innom mangfaldige emne. Ho driv etymologisk utgraving basert på solide kunnskapar i norrøn filologi. Kombinasjonen av gode analytiske evner og evna til å sjølv finne klargjerande språklege bilete gjer Fridtuns tekstar både lærerike og underhaldande. Fridtun lærer oss å vere meir kritiske i omgang med dei orda vi røyner verda med.

Panelsamtale: Jens Kihl i samtale med Toril Opsahl, Knut Hoem, Merete Røsvik og Åse Wetås. | Foto: Alexander Øvrebø / NTB scanpix

Dei andre nominerte til årets språkpris var Are Kalvø, det digitale leksikonet Allkunne og firebandsverket Norsk språkhistorie.

SPRÅKPRISEN
  • Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.
  • Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk.
  • Juryen har bestått av Sverre Tusvik (leiar), Toril Opsahl, Merete Røsvik og Knut Hoem.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter