Leiar med språkmedvit

NRK er ein institusjon dei fleste av oss har eit forhold til. Somme har som fast morgonrutine å høyre nyheitene på radio, medan andre likar å vakna opp til gjengen i P3-morgon. Dei yngste følgjer gjerne med på YouTube-kanalen til NRK Super, medan dei eldre slår på fjernsynet klokka 19.00 for å sjå Dagsrevyen.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Sidan så mange av oss høyrer, ser eller les noko av NRK sitt innhald dagleg, er det både viktig og gledeleg at NRK tek språkansvaret sitt på alvor. Kvaliteten på tekstinga er høg, det finst eigne samiske og kvenske redaksjonar, og mange programpostar er tilgjengelege med teiknspråktolking. I 2019 er det dessutan første gong at NRK truleg når målet om at minst 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk. Alt dette bidreg til å spegla språkmangfaldet vi har i Noreg.

Vi i Språkrådet ser eitt viktig fellestrekk som går att i vellukka prosjekt: Det leiinga gjev signal om at er viktig, blir viktig i heile organisasjonen. Skal ein oppnå noko, kan ein ikkje overlata ansvaret til eldsjeler. Leiinga må seia tydeleg frå om kva dei ønskjer, og dei må følgja opp. Her er NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen eit godt føredøme. Til Språknytt seier han at språkoppdraget er høgt oppe på dagsordenen når NRK planlegg framover. Slike haldningar smittar nedover i ein organisasjon, og Eriksens ord er noko vi gjerne høyrer frå andre toppleiarar.

Forresten: Sidan NRK ser ut til å nå nynorskmålet, treng dei nye mål å strekkja seg etter. Eg brukar å seia at det ikkje er reell språkleg likestilling i Noreg før det blir levert saftige vitsar om bokmålet på Nytt på Nytt. Tek de utfordringa, NRK?


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter