Språkmangfald på agendaen

Språkrådet arbeider for å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i landet. Korleis dette kan skje i praksis, har vore temaet for fleire arrangement i haust.

Språkåret 2013 logo

Arbeidsspråk

– God språkkompetanse har aldri vært viktigere enn nå, sa Tove Strand, viseadministrerende direktør ved Oslo universitetssykehus, på dagskonferansen «Sykehuset, samfunnet og språket», fant sted på Ullevål sykehus 11. oktober.

Konferansen var et samarbeid mellom sykehuset og Språkrådet. Det ble holdt en rekke innlegg, både om språklig praksis i en utfordrende hverdag på sykehuset og om mer prinsipielle og språkpolitiske problemstillinger i samfunnet som helhet.

Det dreide seg om sykehuset som arbeidsgiver for et mangespråklig personale, kommunikasjon mellom lege/sykepleier og pasient når den ene parten har et annet morsmål enn norsk, tolking på sykehus, språkkrav ved autorisasjon av leger med et annet morsmål enn norsk, afasi og tilbakeføring til arbeidslivet, språk og sikkerhet på arbeidsplassen og arbeidsplassbasert språklæring og norskopplæring.

Dagen ble avsluttet med en debatt om samarbeid og språkpolitisk samfunnsansvar i arbeidslivet. På nettstedet til Språkrådet finner du presentasjonene.

Næringslivsspråk

Språket i marknadsføringa er både tilfeldig og styrt, og enkeltpersonar i leiinga kan ha mykje å seie. Det var konklusjonen då Språkrådet inviterte til debatt om språk i næringslivet.

Mange norske selskap vel engelsk framfor norsk og bokmål framfor nynorsk i marknadsføring. Men kvifor? Det ville Språkrådet undersøkje då det skipa til debatt om språket i næringslivet på BI 25. september.

Representantar frå næringslivet, Handelshøyskolen BI og Språkrådet teikna saman eit bilete av ein kompleks situasjon, der både tilfeldige og mindre tilfeldige avgjerder skapar den språklege stoda. Ei stadig meir omfattande globalisering gjer sitt til at engelsk blir brukt både internt og eksternt i mange bedrifter. I marknadsføring følgjer bransjeaktørane gjerne kvarandre og skaper ei norm. Samtidig vil somme stikke seg ut ved å gå motstraums, og interesse eller likesæle frå einskilde leiarar kan vere viktig for den språklege profilen til eit selskap.

Kva rolle spelar språkval i næringslivet? Kommunikasjonssjef Ellen C. Kvalsund i Kleven (f.h.), marknadssjef Henriette Edøy i Urban Norge, fagkoordinator Nina Teigland i Språkrådet m.fl. tok debatten på Handelshøyskolen BI i Oslo.

Norskfaget

2013 er eit merkeår for norsk i skulen. Læreplanen for norskfaget har vore gjennom ei omfattande høyring og er revidert, men måla og kompetansekrava i den nye planen krev ei presisering og avklaring av korleis ein skal forstå dei. Læreplanen inneheld formuleringar som kan vere motstridande, og difor må ein sikre at lærarane får ein sams forståing av dei. Det kom fram under ein konferanse som Utdanningsforbundet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Språkrådet arrangerte i Oslo 23.–24. september i samband med Språkåret. Konferansen var ei oppfølging av diskusjonane kring revisjonen av læreplanen. På nettstaden til Språkrådet kan du lese meir om norskfaget i endring.

Minoritetsspråk

Språkrådet og Språkåret 2013 arrangerte 16. oktober en minoritetsspråkdag i Oslo for de nasjonale minoritetene. Foredragsholderne Maja Mella fra Svenska Tornedalingars Riksförbund – Torniolaaksolaiset og Tanja Hagert fra prosjektet Romskt Liv i Luleå kommune fortalte om forholdene i Sverige og samarbeidet mellom de nasjonale minoritetene. De understreket hvor viktig det er å skape fysiske møteplasser hvor man kan bli bedre kjent med hverandre. Slike nettverk kan revitalisere språkene og bli en felles kunnskapsbank for minoritetsorganisasjonene.

Teiknspråk

TegnspråkKorleis kan vi leggje til rette for at norsk teiknspråk blir meir synleg og får høgare status? Kva for utfordringar møter vi, og korleis kan alle bidra? Språkrådet og Foreningen norsk tegnspråk (FONTS) inviterte til språkkafé og ein samtale om teiknspråk på Litteraturhuset i Oslo 20. september, under tittelen «Frå gest til språk – teiknspråkets plass i det norske samfunnet». I paneldebatten, som vart leia av Paal Richard Peterson frå FONTS, deltok Arnfinn Muruvik Vonen frå Språkrådet, Hedvig Sinnes frå Norges Døveforbund, Ruth Vatvedt Fjeld frå Universitetet i Oslo, Marie Elise Axelsen frå Statped, Mira Zuckermann frå Teater Manu og Tone Tellevik Dahl frå Oslo bystyre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter