Sjåverdige språk

Eg likar historie, og eg likar kunst. Ærleg talt. Men kvifor trur reiseguideforfattarar at det er det einaste turistar er interesserte i? Kvifor rettar guidebøkene blikket berre mot det historiske og kunstnariske, og stadig oftare også mot shopping? Folk er då meir forskjellige enn som så!

AV GASTON DORREN

Gaston DorrenNokre av oss likar motorsyklar, andre har ein forkjærleik for geologi. Og nokre få av oss ville til og med ha tatt ein omveg for å besøke lingvistiske sjåverdigheiter. Viss vi berre hadde visst kor dei er.

Då eg besøkte Noreg for nokre år sidan, var eg i nærleiken av Ivar Aasen-tunet, men det oppdaga eg fyrst i ettertid. Og på veg gjennom Danmark fekk eg heller ikkje med meg runesteinane i Jelling. For reiseguidane yter ikkje slike sjåverdigheiter rettferd.

Eg likar sjølvsagt å reise uansett, på grunn av reisinga i seg sjølv og på grunn av kjærleiken til framande språk. Om eg er i Noreg eller Irland, i Sveits eller Hellas, er det alltid mykje å lære og forstå – og undre seg over. Sjølv i mitt heimland Nederland er eg stadig lydhøyr for dialektale trekk, arkaiske inskripsjonar og trendar i språket. Likevel treng også eg ein guide som kan vise meg dei språklege hovudattraksjonane.

Til slutt innsåg eg at eg måtte skrive han sjølv. Eg var klar for å oppdage verda, på digitalt vis, frå den eine nettsida til den andre. Og der fann eg alt ein kan drøyme om. Ivar Aasen-tunet, endeleg. Ein haug med runesteinar, både i museum og utandørs. Codex argenteus (Sølvbibelen) i Uppsala, den eldste boka på eit germansk språk. Ein optisk telegraf i Stockholm. Mystiske inskripsjonar i den arktiske villmarka. Ibsenmuseet i Oslo. Og mykje, mykje meir.

Utanfor Skandinavias grenser er det språkmuseum i Litauen, Ungarn, Frankrike, Tyskland, Ukraina og Austerrike. Det er ein alfabetsti i Kroatia og ei ordbok i friluft i Sveits. Det er ei rekkje språkminoritetar i Italia, leksikografiske museum i Storbritannia, Tyskland og Nederland, plystrespråk i tre søreuropeiske land og nordiske mellomalderruner på ein statue i Venezia – det er altså ei hel verd av språkskattar der ute.

 

-- Gaston Dorren er nederlandsk skribent og forfattar av språkreiseguide.

 

Omsett til norsk av Språknytt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter