Stort eller lite flyvåpen?

Det er ei utfordring å omsetja namn på institusjonar og avdelingar til norsk. Skal ein til dømes bruka Flyvåpenet eller flyvåpenet om United States Air Force?

AV DANIEL GUSFRE IMS

Bilde av jagerfly / Foto: Rommel / Masterfile / NTB ScanpixHovudreglane for bruk av stor og liten forbokstav på norsk finn vi på nettsidene til Språkrådet eller i boka Skrivereglar av Finn-Erik Vinje. Dei seier til dømes at vi skal skriva namn på institusjonar med store forbokstavar, mens avdelingsnamn som hovudregel skal skrivast med små. Men kva gjer vi i ein omsett tekst der vi òg set om namn på institusjonar og avdelingar til norsk? Om vi ser på slike tilfelle i lys av dei minimalistiske reglane for bruk av stor eller liten forbokstav, talar det for å bruka liten i begge tilfella.

Institusjonar

Er det særlege reglar for bruk av liten eller stor forbokstav i namn på utanlandske institusjonar, sidan vi ikkje rår til å skriva Flyvåpenet om ein amerikansk institusjon, mens vi skriv Luftforsvaret om den norske forsvarsgreina?

Nei, eigentleg ikkje, men ofte har ikkje utanlandske institusjonar eit fastsett særnamn på norsk. Når vi set om namn, brukar vi difor heller forklarande samnamn. The Air Force, som i eit fullare namn er United States Air Force,kan såleis gjerne omtalast som USAs flyvåpen i ein tekst på norsk, eller berre flyvåpenet når det er kjent at det viser til flyvåpenet i USA.

Avdelingar

Når det gjeld avdelingsnamn, seier dei norske reglane klart at det bør brukast liten forbokstav. I sjargongen på ein arbeidsplass kan slike namn rett nok få ein viss karakter av særnamn.

På eit sjukehus til dømes kan på kirurgisk avdeling bli til på kirurgisk eller på kirurgen. Likevel er ikkje dette meir spesielt enn til dømes potetkjellaren, stallen og skålen i ein låve. I ei omsetjing av Microbiology kan ei løysing med preposisjonen og bunden form av substantivet vera god idiomatisk norsk dersom det er bruksfunksjonen som blir framheva: på mikrobiologien.

 

-- Daniel G. Ims er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter