Språknytt 40 år (1973–2013)

I første tiåret av det nye årtusenet blei Språkrådet svar skuldig på spørsmål om å finne eitt ord for nettopp dette tiåret. Språknytt skreiv jamt og trutt vidare om høgt og lågt, smalt og breitt, og fekk til slutt ny drakt og nye spalter.

Språknytt 3/08«Ut fra norsk ordforråd og grammatikk lar det seg ikke gjøre å lage en ettords betegnelse for perioden 2000–2009. Perioden kan eventuelt kalles ’det første tiåret’.» Slik lydde rådet frå fagnemnda i Språkrådet i år 2000. Språknytt skreiv òg at uttrykket «00-talet» er tydeleg nok, men at mange vil synast at det er merkeleg. Ei viss utbreiing har det likevel fått.

Ny utsjånad

I 2008 sette Språknytt seg i sminka for å friske opp sidene med fleire farger, bilete og grafiske element og eit fastare oppsett. Bladet blei delt i «Aktuelt» og «Innsikt», med nye, faste innslag som intervjuet og spaltene «Med andre ord», «Klipp», «Språkbrukaren» og «Historia bak» og med notisane samla under «Smått» og «Kort».

Skuld ikkje på språket!

I tida før og etter omlegginga handla Språknytt mykje om engelsk påverknad på norsk, både i akademia, næringslivet, oljebransjen og det offentlege. Ein artikkelforfattar spurde til og med: «Kvifor syng vi på engelsk?» Andre stikkord frå det første tiåret er avløysarord og kvinneord, rusmiddelspråk og matspråk, språkmangfald og språkvern, kyrkjespråk og bibelomsetjing, polfararnorsk og fjernsynsteksting.

Vidare var spaltene som vanleg krydra med titlar som «Er raudlauken eigentleg raud?», «Bætsjeler eller bakelor?» og «Språkrådet spår, men marknaden rår!» og med artiklar om alt frå filleonkel og åtte potter rømme til Henrik Wergeland, P.A. Munch og Jonathan Aars. Og frå terminologiarbeidet i Språkrådet kunne ein lese: «Finn du ikkje ordet, er det ikkje sikkert at språket har skulda!»


Nyord frå 2000-talet

ballbinge | barista | bunadspoliti | e-bok | ekstrem-TV | henteekteskap | kjærastvisum | ordsmie/tankesmie | romturist | surrogati

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter