«Melrakki», kva i rakker’n er det?

I Norrøn ordbok står dei snarlike orda melbakki og melrakki. Mel, som står fyrst i båe orda, heng språkhistorisk saman med bokmålsordet mel, men ikkje i tydinga ’mjøl’. Mjøl får ein når ein mel korn, og mel får ein når ein mel stein. Malen stein vert til slutt sand, og det finst eit norrønt hankjønnsord melr, som tyder ’sandmel’, ’sandbanke’, og eit hokjønnsord sandmǫl, som tyder ’mol’, ’grussandbanke’.

RevehaleDet ligg nær å gjetta på at norrønt bakki tyder ’bakke’, og at rakki tyder ’rakke’. Alle veit kva ein bakke er, men kva i all verda er ein rakke? Ein norrøn rakki var ein hund, og ein moderne rakke er det same, men ordet er sjeldsynt.

Melrakke er sett saman av mel, som tyder ’sandbakke’, og rakke, som tyder ’hund’. Sett saman til eitt ord vert det «sandbakkehund», eit ord eg har laga her. Alt i norrøn tid må folk ha gjevi denne hunden namnet melrakki. Men det er nok ikkje ein hund, for i ordboka står det at melrakki tyder ’rev’. Og reven likar seg på sandbakkar, for der er det lett å grava hi.

Melrakken gjev òg svaret på kva reven seier: «Rakkjen skvakkar i bergo nord» (frå «Hanen stend på stabburshella»).

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter