Krydder i kvardagen

Allehande uttrykk krydrar språket vårt. Vi kan ønskje nokon dit peparen gror, ta noko med ei klype salt og skilje mellom skitt og kanel. Og vi kan prøve å finne ut kva eksotiske kryddernamn som gurkemeie, kjørvel og oregano eigentleg tyder.

krydderAV ERLEND LØNNUM

Krydder er som kjent tørka og pulveriserte plantedelar. Dei blir laga av blad, røter, stenglar, laukar, bork, frukt, frø og knoppar, og også av arr på krokus, som det dyraste krydder i verda, det arabiskklingande safran, er henta frå. Krydder friskar opp og set farge, smak og lukt på maten i konkret forstand og på ord og vendingar i overført tyding.

Ordet krydder kjem frå lågtysk kruder, som tyder ’urter’, og også ’krut’. Eit gamalmodig synonym for krydder er speseri, som vi har frå latin species (jf. engelsk spice/spicy), og som tyder ’art, slag’, eit slags krydder, altså.

krydderFå pepar og kanel

Dei tradisjonelle kryddera salt og pepar har ein særskild plass både på kjøkenbordet og i språket. Pepar har opphav i mellomindisk pippari, jamfør sanskrit pippalí, og har ei lang reise bak seg frå India og Persia via Middelhavet (gresk peperi og latin piper) til våre kystar og det norrøne piparr. I nynorsk og dialektane finn vi variantar av pepar med tonem 2, som viser at dette er eit nedarva ord. Bokmålsordet pepper blir ofte uttalt med tonem 1.

Andre eksotiske innslag har vi i variantane chilipepar, som stammar frå chilli i språket nahuatl (Mexico), og kajennepepar, som eigentleg kjem frå kyinha i språket tupi (Brasil), men som seinare har blitt blanda saman med Cayenne, hovudstaden i Fransk Guyana.

Den sviande smaken av pepar har gitt grobotn for uttrykk som «å dra dit peparen gror», altså til eit brennande helvete, og «å få pepar», altså sterk (ramsalt) kritikk, eller «å få kanel», som danskane seier det. Det gyllenbrune, litt søtlege kanelborkkrydderet må elles ha spelt ei verdfull rolle før i tida, da talemåten «å skilje skitt og kanel» er det same som å skilje det verdlause frå det verdfulle.

Eit anna forelda fenomen finst i orda peparsvein og peparmøy, som var gamle ungkarar og jomfruer. Peparsvein (jf. tysk Pfeffersack) var opphavleg eit kallenamn på omreisande krydderhandlarar og blei visstnok først brukt om hansakjøpmenn og seinare om nettopp vaksne, ugifte menn. 

Til salt i maten

krydderNatriumklorid, eller koksalt, har spelt ei minst like viktig rolle. Salt heitte salt også i norrøn tid og er i slekt med latinsk sal. Ein kan ha salt i suppa, ein tener ikkje alltid til salt i maten, det kan svi som salt i sure auge, ein kan strø salt i opne sår, og ein kan seie at humoren er livets salt – det set altså ein ekstra spiss på det heile.

At salt har blitt brukt om visdom og kritisk sans, ser vi i omgrepet «attisk salt», det vil seie åndfullt vidd, ettersom attisk beskriv det gamle, kloke Aten (Attika). Det gamle Roma er også representert ved «å ta noe med ei klype salt», altså vere skeptisk og ikkje ta det så bokstaveleg. Uttrykket blei kjent allereie gjennom Plinius den eldre og det naturvitskaplege verket Historia naturalis, der det på latin heiter cum grano salis, ’med eit korn salt’.

krydderKrydra blanding

Dei fleste kryddertypane vi brukar i Noreg, har namn med latinsk-gresk eller orientalsk opphav, jamfør oversiktene under. Berre ei handfull kryddernamn har eit nordisk utgangspunkt.

Allehande kjem av norrønt allra handa ’alle henders’, etter tysk allerlei (Gewürz) ’alskens (krydder)’, fordi smaken minner om muskat, kryddernellik og kanel. Ordet inngår også i daglegspråket som eit synonym til allslags, som i «allslags gode saker». Dill, som heiter det same på tysk og engelsk, reknar ein med har same bakgrunn som korgplanta dylle (norrønt dylla), nemleg indoeuropeisk dhal- ’blomstre’. Og nellik har namn etter utsjånaden, da det på tysk heiter Nelke, ei kortform av den lågtyske diminutiven negelken, som tyder ’liten nagle’. Ei anna forminsking er gøymt i pakkenellikar, som er det same som små eignelutar.

Ei herleg røre er karri, som vi har fått via engelsk curry frå tamil kari. Karri tyder beintfram ’saus’ og er ei pikant pulverblanding av koriander, gurkemeie, kanel, spisskum, kardemomme, ingefær, svart pepar, valmuefrø, kryddernellik, kajennepepar, laurbærblad, allehande, sennepsfrø og tørka sitronskal.

Snakk om å krydre tilværet!

 

-- Erlend Lønnum er rådgjevar i Språkrådet.

Kryddernamn frå Middelhavet
anis frå gresk anithon ’dill’
basilikum frå gresk basilikos ’kongeleg’
fennikel frå latin fenum ’gras, høy’
isop frå gresk hyssopos, opph. hebraisk
kanel frå gresk kanna ’røyr’
kardemomme frå gresk kardamon ’karse’
karve frå gresk kar ’loppe’ eller kara ’hovud’
kjørvel frå gresk khairein ’glede’ og phyllon ’blad’
koriander frå gresk koriannon
laurbærblad frå latin laurus ’laurbærtre’ og folium ’blad’
løpstikke frå latin levisticum ’plante frå Liguria’
melisse frå gresk melissa ’bie’
merian frå gresk amarakos, jf. latin maior ’større’
mynte frå gresk minthe, jf. mentol
oregano frå gresk oros ’fjell’ og ganos ’pryd’
persille frå gresk petros ’stein’ og selinon ’selleri’
rosmarin frå latin ros ’dogg’ og marinus ’hav’
salvie frå latin salvus ’sunn’
spisskum frå latin cuminum ’krydderkarve’
timian frå gresk thymiama ’røykelse’
Kryddernamn frå Asia
estragon frå arabisk tarkhun ’drageurt’
gurkemeie frå arabisk kurkum
ingefær frå sanskrit srngaveram ’hornlekam’
muskat frå sanskrit muská ’testikkel’, jf. moskus
pepar frå sanskrit pippalí
safran frå arabisk za’faran ’krokus’

– assortert utval frå Nynorskordboka og Bokmålsordboka


Addendum

anis Pimpinella anisum basilikum Ocimum basilicum fennikel Foeniculum vulgare isop Hyssopus officinalis kanel Cinnamomum kardemomme Elettaria cardamomum karve Carum carvi kjorvel Anthriscus caerefolium koriander Coriandrum sativum laurbarblad Laurus nobilis løpstikke Levisticum officinale melisse Melissa officinalis merian Majorana hortensis mynte Mentha oregano Origanum vulgare persille Petroselinum crispum rosmarin Rosmarinus officinalis salvie Salvia officinalis spisskum Cuminum cyminum timian Thymus estragon Artemisia dracunculus gurkemeie Curcuma domestica ingefar Zingiber officinale muskat Myristica fragrans pepar Piper nigrum safran Crocus sativus

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter