Nynorsknorma – slik blir ho

Frå 1. august 2012 blir den offisielle rettskrivinga for nynorsk endra. Kulturdepartementet har nyleg godkjent eit framlegg frå Språkrådet til ny norm. Innstillinga Ny rettskriving for 2000-talet var klar 1. april i år.

AV MARIT HOVDENAK

NynorsknormaInnstillinga er laga av ei nemnd som frå januar 2010 arbeidde med eit omfattande mandat frå styret. Første punktet var at den nye norma skulle bli «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Det viktigaste prinsipielt nye er dermed at det skal vere berre hovudformer, ingen sideformer (klammeformer) lenger. Når Kulturdepartementet no godkjenner framlegget, får nynorsk såleis ei tilsvarande reform i 2012 som bokmål fekk i 2005.

Ein føresetnad for revisjonsarbeidet var at det skulle gå føre seg som ein open prosess, i dialog med språkbrukarane. Rettskrivingsnemnda hadde eigne nettsider med alle sakspapir og møtereferat, og det var eit diskusjonsforum på nettet. Nemnda hadde kontaktmøte med mange institusjonar og brukarmiljø, og det var ei open høyring om saka i februar i år. Det viste seg tidleg at mange ønskte ei innstramming i norma, men at det ikkje var semje om kvar det skulle kuttast.

Vurderingar

Etter mandatet var det mange omsyn å ta og mange faktorar som skulle balanserast i den nye norma: Kva er ei enkel norm? Er det enkelt at kvart ord berre har éin skrivemåte, eller er det enklast å kunne velje mellom to skrivemåtar? Kven skal ein tenkje mest på, dei som skal lære nynorsk, anten som hovudmål eller som sidemål, eller dei som alt skriv nynorsk? Utbreiing i skrift og tale og skriftspråkstradisjon i nynorsk var faktorar som vart vurderte, og arbeidet bygde på tidlegare utgreiingar og på ny kunnskap om faktisk språkbruk. Den nye rettskrivinga skal vere lett å kjenne att, for nemnda har prøvd å velje ut dei formene i gjeldande rettskriving som har festa seg i språkbruken.

Styret kommenterte at rettskrivinga blir enklare, på mange punkt tydelegare, men ikkje så mykje strammare. Leiaren for nemnda, Grete Riise, poengterte at innstillinga var eit kompromiss, eit resultat av grundige diskusjonar og motstridande argument.

Endra skrivemåtar

Nemnda har særleg vurdert dei punkta i rettskrivinga der det er valfridom i dag. På mange punkt har ho stroke valfrie former slik at berre éi står att, som for orda no og berre, der dei noverande sideformene og bare skal ut. For ordet da/då blir begge variantane ståande. Anten/enten blir òg valfritt, den siste forma blir dermed oppgradert frå sideform til vanleg rettskrivingsform.

Ord med vokalveksling skal anten ha valfrie former, som syster/søster (og mange andre med y/ø), lys/ljos, skule/skole, mens andre får berre éi form: seter (sæter går ut), leppe (lippe går ut), framand (fremmend går ut). Elles står formene mog(e)leg att, utan muleg (adjektivendinga -lig går generelt ut).

Mange former med diftong blir no obligatoriske. Før kunne dei valfritt skrivast med monoftong: draum, straum, høyre, køyre, døy, trøytt, tøy, peike (drøm osb. går ut). Nokre valfrie par blir ståande att: jau/jo, lauk/løk ofl.

Ord med valfri dobbelkonsonant i dag beheld i stor grad valfridommen, t.d. kjøk(k)en, kom(m)e, ungdom(m)en, løn(n); somme får eineform, nett, kopar ofl.

Ei endring som gjeld mange ord, er at j-en blir valfri i mange verb og hokjønnsord, t.d. leggje eller legge, rekkje eller rekke. Her er det skrivemåten med j som har den lengste tradisjonen i nynorsk, mens t.d. legge kom inn som sideform.

Viktige endringar i formverket

Substantiv

I bøyinga av ord er det viktigaste prinsipielle at i-målet går ut. Det har no status som sideform, t.d. døri, fjelli. Berre den gjeldande hovudforma skal brukast framover: døra, fjella. For svake hokjønnsord er det hovudformene på -er, -ene som blir førte vidare (jenter – jentene), endingane -or, -one går ut.

For substantiv elles gjeld endringane mindre grupper av ord. Hankjønnsord av typen gjest, venn og hokjønnsord av typen helg, elv får begge valfrie fleirtalsendingar -er/-ar, og dei tre orda auge, hjarte og øyre kan følgje to bøyingsmønster som no, (alle) auga eller (alle) augo. Ord som mønster og ein del framandord som leksikon får i større grad enn no regelrett bøying.

Nemnda har ikkje gått inn på kjønnet på substantiv generelt, men ein del ord som eigarskap og medlemskap blir valfritt hankjønns- eller inkjekjønnsord.

Verb

I gjeldande rettskriving kan ein velje mellom a-infinitiv, e-infinitiv og kløyvd infinitiv. Kløyvd infinitiv er sideform. Etter innstillinga skal ein framleis fritt kunne bruke anten a-infinitiv eller e-infinitiv. Det har vore mykje diskusjon om den kløyvde infinitiven skulle gå ut eller ikkje, men resultatet vart at han framleis skal vere tillaten etter visse reglar. Kløyvd infinitiv vil seie at verba har ulik infinitivsending fordi strukturen i eldre språk gjer at dei har utvikla seg ulikt, slik at ein i same teksta kan bruke å skrive og å lesa.

Det skal heite berre har vore og har funne, dei noverande jamstilte formene vori og funni går ut. Refleksiv- og passivendinga -st skal bli eineform, slik at å finnast – finst blir eineformer, mens sideformene finnas og fins går ut. Dei lange presensformene av sterke verb, som biter og kjemer, går òg ut, hovudformene bit og kjem står att. Desse sideformene har vore nokså lite brukte.

Eit vanskeleg punkt i rettskrivinga er preteritumsformene av svake verb som selje (j-verb) og føre (e-verb). Her er det no stor valfridom, men framlegget går ut på å fjerne ein del former, slik at j-verb får t.d. selde, talde og spurde som eineformer i preteritum, noverande sideformer på -te går ut. Likeins blir nemnde, sende, køyrde og ringde eineformer med -de, og lærte og førte blir eineformer med -te. Berre verb som skremme og brenne, med stammeutgang på m(m) og nn, skal ha valfritt -de eller -te. For dei fleste verba er bøyinga uendra, jf. former som opererte, kjøpte, viste. Innstramminga i preteritum får følgjer for samsvarsbøyinga av perfektum partisipp, som òg får færre former.

Andre ordklassar

Adjektiv som open (og hoven, gyllen osb.) får inkjekjønnsform ope eller opent, den siste gjeld no som sideform berre. Av pronomena er det særleg formene de – dykk som har vore omdiskuterte. Mange meistrar ikkje skiljet mellom subjekts- og objektsform, eller dei kjenner desse formene som framande, m.a. fordi det er så stor variasjon i formene i dialektane (dokk(er), deko osb.). Difor har rettskrivingsnemnda innført forma dokker i begge posisjonar som eit heilt nytt alternativ (dvs. «Slo dokker dokker?» ved sida av «Slo de dykk?»). Elles blir hennar og noko(n) eineformer. Dei noverande sideformene hennes og noe(n) går ut.

Ei tilrådd norm frå Språkrådet?

Styret i Språkrådet har vurdert normsituasjonen for nynorsk og komme til at mange nynorskbrukarar vil ha nytte av eit tilbod om ei tilrådd norm som er trongare enn den 2012-normalen som innstillinga legg opp til. Ei slik tilrådd norm skal ikkje vere obligatorisk for nokon, og skal lagast som ei lett tilgjengeleg «tilbodspakke». Dette framlegget om Språkrådets tilrådde norm skal òg departementet ta stilling til.

Følg med på nettsidene til Språkrådet for å få oppdatert informasjon.


-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Merknad (28.3.12)

I denne artikkelen har det dessverre vorte ein feil i første avsnittet under «Endra skrivemåtar». Han gjeld ordet no – nå, der det rette er at begge formene blir ståande. Dermed blir teksten slik: «Nemnda har særleg vurdert dei punkta i rettskrivinga der det er valfridom i dag. På mange punkt har ho stroke valfrie former slik at berre éi står att, som for ordet berre, der den noverande sideforma bare skal ut. For orda da/då og no/nå blir begge variantane ståande.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter