Kristofer Uppdal – Språk og språksyn

Språket er noko av sjela. Mennesket har ei sjel. Og difor òg berre eit språk, det i vår sjel. Ei slekt som veks opp i etteraping etter framande, blir rotlaus i si eiga jord, og knapt levefør. Det som berre kopierar, treng sjølvsagt heller inga skapingsevne.

AV ARILD BYE

Kristofer UppdalDette skriv Kristofer Uppdal i aforismesamlinga Jotunbrunnen i 1925. Han er da ferdig med å skrive Dansen gjenom skuggeheimen, som skal bli standardverket om norsk samfunnsomskaping i overgangen frå 1800-tal til 1900-tal, vegen frå det gamle bonde- og ættesamfunnet til det nye industrisamfunnet. Han har òg avslutta ein stor lyrisk produksjon, krona med diktsamlingane Elskhug i 1919 og Altarelden i 1920, som nesten hundre år seinare kjem til å bli anerkjent som europeisk modernismes tidlege gjennombrot i Noreg. Han har skrive alt dette, den tibinds romansyklusen, og den modernistiske lyrikken, på nynorsk – eit språk han ser for seg skal bli framtidsspråket i Noreg.

Utfordringa i ukjente ord

I starten heldt han seg til eit trøndskprega landsmål, med mange dialektord, i tråd med det som er moderne i tida. Som Olav Duun skar han vekk unyttige bokstavar i direkte tale, slik trøndarane gjer, og skreiv bestemte substantiv utan den stumme t-en, have, borde, lande, live. Og han krydra med ei mengd ord frå daglegtalen, frå vanlege folks liv i den tid. Ein del av dei har i dag gått ut av bruk eller er i ferd med å bli borte. Ein må til dei store ordbøkene for finne dei. Hos Kristofer Uppdal bliktar, blakrar, glimar og logar det av det livet han skildrar, som av språket. Folk han skriv om, glirer, gløser og gaumar, dei japlar i veg, dei kjaskar og tygg, dei baskar når dei slit, dei gurpar, kulsar, fitlar, alt karakteriserande ord som vel ikkje er av dei mest nytta i andre diktarar sitt språk. Mange av desse orda er så direkte at dei er litt uærbødige. Dei gir diktinga eit sterkt og karakteristisk preg av tidleg 1900-tals arbeidar- og bygdemiljø. Det angar av dette språket, av natur, sveitte, arbeid, folk og fe.

Men Uppdal tar for seg frå eit språkleg grunnfjell på ein slik måte at lesarane knapt vinn halde følgje, stadig må ein undersøke ord ein ikkje har støytt på før: Kva tyder det? Og det? Slikt kan vere ein artig leik. Men for mange vitnar det om ein irriterande mangel på velvilje frå diktaren. Og ein spør: Kvifor skriv han ikkje litt enklare?

Det er sagt om Shakespeare og andre, som vår eigen Wergeland, at ordforrådet deira var ekstraordinært og sette lesarane på stadige prøver. Mange liker å få ei slik utfordring, det blir å gå ein topptur i språket, å tøye seg intellektuelt.

Møtt med kritikk

Men Uppdal er ikkje Shakespeare og ikkje Wergeland. Han skreiv bygdespråk, bondsk, umoderne. I alle fall såg dei det slik i kultureliten i samtida, men òg mellom arbeidarklasselesarane vart han kritisert for det kompliserte språket sitt. Kritikken fall ofte saman med ein innhaldskritikk. Han møtte innvendingar for at bøkene var rå og ufine, utilbørlege, for lite oppbyggelege og kvardagshyggelege. Prestane gjømte unna bøkene hans frå boksamlingane. Det skjedde stadig vekk og i alle landsdelar. Utan mellom ein liten skare faste lesarar glei diktinga hans med det bliktande språket i glømmeboka. Ikkje minst skjedde det etter at stadige konfliktar, personleg og kunstnarleg, førte han inn i ei livslang bakevje, litterært og menneskeleg, frå da han var rundt 50 år. Først tre år på mentalsjukehus 1926–1929, og sidan eit liv tilbaketrekt i den norske fjellheimen, isolert og taus – han vart nærast ein grinebitar. Også språkleg drog han seg attende og prøvde å føre språket tilbake til eit heilt eige trønderspråk, det opphavlege urtrøndske, mens han prøvde å skape ein diktfigur, Kulten, som han sjølv meinte skulle bli ein parallell til dei store religionsstiftarane i verda. Som visdomsdiktar bar han såleis ikkje på små visjonar, men sikta mot å bli den største i si tid. Og han hevda så lenge han levde, at både diktinga og språket hans ein dag kom til å bli forstått, også diktverket om Kulten.

Utvikling i språksyn

Uppdal voks opp i 1890-åras Inn-Trøndelag. Han var eit produkt av folkehøgskolebløminga, som var sterk i Trøndelag. Ho løfta fram det nye språket, ikkje minst på landet. Utviklinga var del av den nasjonale bølgja som kulminerte med 1905. På bygdene steig skolestyre etter skolestyre fram og vedtok at landsmålet skulle bli det nye opplæringsmålet. Trøndelag var eit føregangsområde i denne utviklinga alt rundt 1900. I si første dikting tok Uppdal djupe spadetak ned i trønderdialekten, kravde regional språkleg fridom og krydra diktarspråket sitt med ord frå heimemiljøet og rallarlivet han da levde. Han hevda at det nye norske språket måtte tuftast på eit sterkt grunnfeste i alle dialektar, for han såg eit minus i Ivar Aasens arbeid, det var for bunde til Vestlandet.

Frå 1918 arbeider han aktivt for ei einskapleg nynorsknorm. Han avviser etter det dialektdiktinga. Den fører ikkje til eitt språk, skreiv han, men eitt språk for kvar enkelt, og det vil bli nynorskens bane. Han såg for seg som ein konsekvens at hans eige språk måtte førast inn mot eit felles nynorsk språk, og skreiv om dei tre første romanane sine etter 1920, gav dei ei delvis ny språkdrakt, slik at dei vart mindre trøndske i språkforma. Han hevda samtidig stadig at nynorsken måtte få sterkare basis i dei austnorske målføra i framtida og stod på barrikadane i landsmålsavisa Den 17de Mai for dette synet. Men aust og vest slost om a- eller i-ending, slost om retten til å sette sterkast preg på nynorsken i ein diskusjon som til tider skapte uro i nynorskrørsla, og ein greidde ikkje å samle seg.

Etter at Uppdal hadde vore gjennom kriseåra fram mot 1930, søkte han igjen ein ny veg, tilbake til røtene, og vart altså mot slutten av livet meir og meir innelukka i sitt eige språkunivers. Han fann tilbake til trøndsk dativspråk, og hans trebinds Kulten-verk er ein underleg språkleg konstruksjon som burde vore undersøkt av vitskapsfolk i det trøndske universitetsmiljøet. Så langt ligg det uopplate.

Uppdal og Weidemann

Kristofer Uppdal kom frå ein familie i Steinkjer som har fostra to store norske kunstnarar. Nevøen er den kjente målaren Jakob Weidemann. På eitt vis er dei like i uttrykk. Weidemanns abstrakte måleri aular av fargar. Slik Uppdals romanverd er full av ord som blagar og skjelv, er Weidemanns kunst eit vilt, abstrakt mangfald. Inne i motiva æser og eimar det, av raudt, brunt, gult, grønt og blått. Alt er abstrahert natur studert fram gjennom kunstnarens makro-objektiv. Det er uforklarleg. Du veit ikkje heilt kva det er. Du får ikkje auge på alt med det same heller, det gror liksom fram. Slik er Weidemanns kunst. Og slik er Kristofer Uppdals språk, det kryr av merkelege ord. Du må snu deg og sjå, kva var det? Og det? For her byr rallarar og bygdejenter seg fram i ei ordverd som utfordrar, som er utanfor allmannvegen, i eit moderne folkeeventyr, til glede for den som har funne fram dit. Her er mye å gå på leit etter, og den som leitar, finn. Det er språkleg nasjonalskatt ein jaktar på, om ein går i gang. For Uppdal seier sjølv i diktet «Andletet» (1913), eit språkprogram, det òg:

Ja, mitt språk det er som fedrelandet,
fylt med gråfjell og med glim av blåe bre.
Og som språket er min eigen diktar-ande
og i versa rullar brede-is og gråfjell med.
Men i millom blømer skog og grøne dalar,
der det solvind over villgras-hagom bles.
Og um sume ei forstår det språk eg talar,
eingong skjønar dei det like vel – og les.

 

-- Arild Bye er journalist og tidlegare redaktør i NRK i Steinkjer. Han har skrive boka Ein mot alle. Kristofer Uppdal – biografi (2010).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.09.2011 | Oppdatert:10.06.2015