Namn til å få forstand av?

Språkrådet får ofte spørsmål om hjelp til skrivemåten av namn på institusjonar, etatar og firma. Men kva med sjølve namnet? Er dét dekkjande, forståeleg og såleis brukarvenleg?

AV EILOV RUNNESTØ

GjenvinningI 2003 tok ein arbeidar i Vegproduksjon AS opp med Språkrådet at arbeidsstaden hans heretter skulle heita MESTA. Arbeidarane var i harnisk over dette namnet, som ikkje sa noko som helst, det vil seia i innringjaren sin dialekt tydde mesta ’mista’. I andre dialektar kan det tyda ’nesten’. Ein av sjefane skulle ha sagt at det kom av verbet mestre. Innringjaren undra seg over at ein konsulent hadde fått ein halv million for å få til ein slik konklusjon.

Eit namn er eit namn

Ein treng ikkje vita kva eit personnamn tyder for å bruka det. Då er det noko anna med namn på bedrifter og etatar. Folk vil leita etter meining i orda som er sette saman. Finn me det i Agenda Kaupang, til dømes? Agenda står for ’dagsorden’, kaupang er eit gammalt ord for ’kjøpstad, by’. Det skal både velvilje og ikkje minst fantasi til for å skjøna at dette er «et norsk konsulentselskap som tilbyr utrednings- og utviklingsbistand innen ledelsesutvikling, organisasjonsutvikling, styring og samfunnsanalyse».

I eit brev frå Kulturdepartementet til Språkrådet stod det slik om namnet Human Relations på løns- og personalavdelinga i Bergen kommune: «Slik navnebruk er uheldig og bør ikke forekomme innenfor det offentlige. Det står i skarp kontrast til hovedlinjene i den språkpolitikken som regjeringen har trukket opp i den omfattende språkmeldingen [...] Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. [...] Det er likevel ingen regler som direkte forbyr slik navnebruk [...].»

Veolia Miljø – Norsk Gjenvinning

Veolia Miljø, Mesta og Human Relations opnar for at tungt forståelege namn blir norma. Slikt legg lett eit tilslørande preg over namn, og folk flest, som ofte har meir praktisk gangsyn enn dei som konstruerer slike raritetar, kjenner seg brydde ved å måtta bruka dei. Kva får ein til dømes ut av å lesa i lokalavisa om ScanArc Plasma Technologies AB eller Valeas Recycling Solutions AB?

Men i vår kom gladmeldinga om at Veolia Miljø skulle ta att det gamle namnet sitt, Norsk Gjenvinning. Det er eit handslag til brukarane, som dermed både kan forstå og trygt bruka namnet. Dét er vesentleg i all kommunikasjon.

 

-- Eilov Runnestø er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter