Engelsk humor på norsk

No image

Norsk overlever, men det engelske språket er utdøydd. Høyrest det usannsynleg ut? Slik er i alle fall framtidsscenarioet i musikalen We will rock you. Heltane i stykket tar opp kampen for det døde språket, fortel Kjetil Indregard.

AV MAGNHILD BRUHEIM

Indregard har omsett dialogane i den norske versjonen av musikalen, som tidlegare i år gjekk for fulle hus på Folketeatret i Oslo. Stykket er basert på musikken til gruppa Queen og er laga som ei sciencefictionhistorie om fridomskamp, individualisme og musikk.

– Handlinga ligg 300 år fram i tid, samfunnet er einsretta, rocken er den forbodne musikken, engelsk er det forbodne språket, fortel Indregard. – Hovudpersonen høyrer brotstykke av eit språk han ikkje forstår. Saman med fleire andre i ein undergrunnsgjeng kjempar han for å vinne både rocken og engelsken tilbake.

– Så det er det engelske språket som har sympatien, ikkje det norske?

– Ja, det blir jo konklusjonen i stykket. Når heltane finn tilbake til det tapte språket, nemleg engelsk, får dei også lykka tilbake. Grunnen til det er naturlegvis at framsyninga byggjer på engelske rocketekstar.

Kjetil Indregard er regissør og manusforfattar og har omsett dialogane i den norske versjonen av musikalen We will rock you.

Strenge vilkår

Å omsetja ein tekst med strenge opphavsrettar byr på utfordringar. Framsyninga er skriven av Queen-medlemmane Brian May og Roger Taylor i samarbeid med den britiske komikaren Ben Elton. Men det er eit tysk selskap som eig den europeiske turnéversjonen. Teksten var derfor på ein omfattande runde før han låg ferdig i norsk utgåve.

– Stykket er omsett frå engelsk til den tyske turnéversjonen. Den norske omsetjinga byggjer på ein engelsk versjon av turnéframsyninga. Men det tyske selskapet måtte godkjenne den norske teksten, seier Indregard.

– Var det mykje dei ikkje kunne godkjenne?

– Eigarane har sine klare preferansar om kva som er viktig. Når det gjeld setningsbygning, må siste ordet vera det same, og det er ikkje alltid lett å kombinere med god norsk. Til dømes setninga «This is an act of an individual». Her syntest eg språket vart tungt med ordet «individ» til slutt. Derfor prøvde eg med ei formulering på norsk som var meir munnleg. Men det vart ikkje godkjent. Eg måtte halde meg til det den tyske regissøren bestemte, sjølv om det vart stivare.

– Men når du møter så strenge rammer, føler du da at det blir din tekst?

– Ja, eg føler eigarskap til den teksten eg har skrive. Sjølv om eg byggjer på teksten til andre, finn eg mine eigne ord og formuleringar. Eg kan bruke ein matmetafor til å forklare det. Råvarene til matretten ligg klar, men det er eg som lagar maten.

Nøtter som skal knekkast

– 90 prosent av ein tekst som det eg her arbeidde med, går det greitt å omsetja. Men dei resterande ti prosentane er nøtter som må knekkast, seier Indregard.

Det originale manuset til Ben Elton har mykje engelsk humor. Tekstforfattaren har skrive blant anna Black Adder og elles romanar og teatertekstar.

– Elton er ein av dei eg beundrar. Han er tørrvittig og vekslar fint mellom det barnslege og meir seriøse, og mellom det høgverdige og det plumpe. Han er glad i ordspel, og dei er ikkje så enkle å omsetja. Engelske uttrykk som ein skal spela mykje på, finn ikkje nødvendigvis ei norsk erstatning som opnar for det same.

– Har du døme på ei omsetjingsnøtt?

– Ein av hovudpersonane i stykket, Scaramouche, ropar ut «it sounds like scary bush» (fryktinngytande buskas), eit uttrykk som spelar på det kvinnelege kjønnsorganet. Korleis skulle eg omsetja det? Eg brukte ei heil veke på å finne ei løysing. Til slutt enda eg opp med «skarru ha mus». Og det fungerte, seier Indregard.

– Andre språknøtter dukka opp i kjærleiksscener mellom dei to hovudpersonane. Døme på det er når den eine seier «you really know how to kick a man in the balls», og den andre svarer «do you want me to kiss it better?» Den siste setninga har dobbelttyding på engelsk. Slik det er brukt her, har det seksuelle referansar, men i engelsk blir det også brukt når nokon har slått seg, «Skal eg blåse på?» Denne dobbelttydinga finst ikkje i norsk.

Heftige e-postdiskusjonar

Queen hadde si storheitstid på 70- og 80-talet, men rockebandet står sterkt også i dag. I alt 25 av dei mest berømte låtane deira er med i oppsetjinga. Dei fleste vart framførte i den engelske originalversjonen som folk kjenner. Det er dialogane mellom songane som vart omsette. Men nokre få songar skulle ha norsk tekst, og både den tyske regissøren og Ben Elton måtte godkjenne den norske versjonen. Dei hadde klare meiningar om kva som fungerte på norsk, så også her vart det heftig e-postkorrespondanse, fortel Indregard.

– Av og til var det absurd at ein engelsk manusforfattar og ein tysk regissør skulle diskutere kva som var best på norsk.

I ein av tekstane er uttrykket «see under an old rock» brukt. Indregard valde å bruke «lete under en gammel rokk» i den norske versjonen, sjølv om det betyr noko heilt anna. Han meinte det fungerte humoristisk på norsk, men utlendingane som skulle godkjenne omsetjinga, såg ikkje det poenget. Dei strekte seg så langt som til å godkjenne uttrykket i ein einaste replikk.

– Var det vanskelegare å omsetja songtekstane enn dialogane?

– Eigentleg var fridommen større når det gjaldt songtekstane. Ein ser på innhaldet og finn fram til kva som passar. Enkelte Queen-tekstar går rett på poenget, andre har ein del jukserim. Sjølv om dei finst i originalen, får eg vondt av jukserim. Så der er det handverkaren og oppryddaren i meg som må jobbe, seier Indregard. – Eit problem er at det er fleire stavingar i norsk enn i engelsk. Dei tusen mest brukte orda i engelsk har fleire stavingar i dei tilsvarande norske orda.

Norsk mentalitet

Kjetil Indregard er sjølv regissør, i tillegg til at han skriv manus til bøker, filmar og teateroppsetjingar. Omsetjinga av We will rock you er tilpassa norsk mentalitet og norske forhold. Indregard la inn dagsaktuelle referansar og mellom anna kjente namn frå norsk musikkliv. Opprørarane har namn etter kjendisar frå musikklivet, av dei er folk som Odd Børretzen, Bettan og Jan Fredrik Karlsen med. Han klarte også å snike inn Jokke blant dei døde heltane som blir nemnte.

– Noko av det mest morosame var å leggje inn norske referansar. Rebellane i stykket blir tatt til fange, og dei skal plukke ut ein som ikkje er rockesongar. Da får Karlsen (kjent mellom anna som Idol-dommar) beskjed om at han ikkje er med vidare, seier Indregard. – Eg klarte også å smette inn eit «fy faen, som jeg hater måker» og «noen ganger er det all right». Publikum gav tydeleg uttrykk for at dei likte det.

Også her var dei som sit med rettane, strenge med omsyn til kva som kunne vera med. Men Indregard fekk lagt inn fleire replikkar som dei godkjente.

– Ein av personane snakkar trøndersk. Han seier ein stad: «Vet du hvorfor de ikke liker meg? Sikkert fordi jeg er trønder.» Dette er små ting, men det er slikt som slår an.

Svenskar på norsk

Ein del av artistane som var med i den norske oppsettinga, var svenske. Og svenskane er ikkje kjent for å vera så gode i norsk.

– Tyskarane hadde vanskeleg for å forstå at svenskane slit med norsk. Men dei svenske artistane kjempa tappert og klarte det godt, sjølv om ein kunne høyre den svenske aksenten. Eg prøvde å unngå ord som kunne felle dei. Eit av uttrykka som måtte forandrast, var «lallende småbarn», det var umogleg for dei å seia utan å avsløre svensken.

Musikalen er ein framtidsvisjon, det handlar om ei tid med einsretting, der alle er massekonsumentar, bortsett frå undergrunnsgruppa. Menneska i dette samfunnet har ikkje lenger namn, berre e-postadresse.

– Har det påverka språket, slik at det er eit einsretta, forenkla framtidsspråk?

– Nei, vi bruker dagens språk, originalforfattaren Ben Elton har ikkje prøvd å laga noko nytt.

Like morosamt på norsk

Det sentrale med eit stykke som skal spelast på scenen, er at dialogane fungerer. Da må replikkane liggje godt i munnen til skodespelarane.

– Eg arbeider mykje med replikkane, og seier dei høgt for meg sjølv. For det er vanskeleg. Mange romanforfattarar trur at dei skriv gode dialogar. Og det stemmer sikkert. Dei er gode litterært, men det betyr ikkje at dei er gode munnleg. Eg har også noko utdanning som skodespelar, det gjer det kanskje enklare. Ensemblet har i alle fall gjeve meg mykje ros for dialogane, seier Indregard.

– Kva er du mest tilfreds med?

– Eg er veldig godt tilfreds med fornorskinga av stykket. Det er tilfredsstillande å høyre at publikum ler på dei plassane der det er lagt inn norske referansar, og der det originale i manuset er forandra til norske forhold. Poenget med å omsetja ei slik framsyning er jo at det skal fungere for eit norsk publikum. Det gjorde det, og det er gøy.

Sjølv om noko av den engelske humoren og dobbelttydinga kan seiast å gå tapt ved ei omsetjing, vinn den norske versjonen på andre område, meiner Indregard.

– Hovudoppgåva mi er å skapa noko nytt, det er ikkje berre ei omsetjing, men ei gjendikting. Eg hadde sett pris på å få friare taumar. Men trass i dei strenge krava klarte eg å gjere eit humoristisk grep som fungerte bra. Og sjølv om eg har stor respekt for det originale manuset og humoren til Ben Elton, meiner eg at den norske versjonen lykkast med å finne morosame alternativ.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter