Ikkje berre kort og godt?

Somme har i haust følgt ein seksåring til skolen. Med dette følgjer det òg møte med skolen for foreldra, og ein skjønar at ein må setja seg inn i eit nytt sett med bokstavforkortingar. Vi får høyra om PPT, blir bedne om å sitja i FAU, men kan òg få veta at den håpefulle har begynt på ein AI-skole der dei arbeider med ART.

Denne gongen vil vi altså ta opp emnet bokstavforkortingar, jamvel om mange av dei i utgangspunktet står for heilt vanlege ord. Med forkortingar kan vi spara både tid og plass, og på ein arbeidsplass vil truleg dei fleste kjenna til dei formene som er i bruk på huset. Men når ein skal venda seg til andre, kan desse forkortingane verka som tilslørande kodar.

Stort utval av forkortingar

Det tek ikkje så lang tid før ein får med seg at FAU står for foreldrearbeidsutvalet, og da har ein lært seg at U i skolesamanheng gjerne er utval. Den innsikta kjem godt med når ein seinare kan støyta på både SU, SMU og KFU (høvesvis samarbeidsutvalet, skolemiljøutvalet og det kommunale foreldreutvalet). Når det gjeld PPT, kan ein kanskje tenkja seg til at den eine p-en har noko med ped- å gjera, og heilt rett: Det fulle namnet er pedagogisk-psykologisk teneste.

Kan vi unngå å bruka desse forkortingane som tvingar mange til å gjeta på kva vi siktar til? Vi føreslår for det første å bruka det fulle namnet oftast råd. Forkortinga høyrer heime i skjema og liknande, der det er trongt om plassen, men jamt over ikkje i vanlege tekstar og i tale. For det andre bør vi velja namn som ikkje er så krunglete at dei tryglar om å bli forkorta. Til dømes kan pedagogisk-psykologisk teneste vera ei utfordring for tunga.

Tilslørande metodenamn?

Det viser seg at ein AI-skole følgjer prinsippa i appreciative inquiry. Det er ein metode for utviklingsarbeid, der ein skal sjå etter kva som verkar godt ved ein arbeidsplass, før ein finn ut kva som kan gjerast betre. På språk som spansk og portugisisk har dei funni eigne namn på denne metoden, og vi meiner det ville vera det beste på norsk òg. Vi trur verdsetjande undersøking kunne vera godt dekkjande.

I ein del kommunar skal elevane følgja ART, og ungane kan få t-skjorter der det står «ART, så klart». Men sjølve ordet ART verkar alt anna enn klart, sjølv om det handlar om å arta seg vel. Ingen av ungane synest veta at bokstavane står for agression replacement training. Dette kunne vi ha omsett til noko slikt som sinnemeistring, men ein brukar visst metoden meir allment til opplæring i å omgåast andre, (sosial) omgangsøving.

 

-- Av Daniel G. Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.09.2011 | Oppdatert:27.05.2015