Leiar

Kjære lesar!

Arnfinn Muruvik Vonen

Det vart ein sommar vi aldri kjem til å gløyme. Ein enorm eksplosjon i Oslo og eit hjarteskjerande skytedrama på Utøya i Tyrifjorden etterlét eit tomrom og ei smerte som ramma nokre av oss direkte, og som samstundes var ei påminning om kor lite og tett det norske samfunnet er.

Ei slik ekstraordinær hending får oss til å leite etter ekstraordinære ord. Poetiske tekstar som «Til ungdommen» av Nordahl Grieg og «Mitt lille land» av Ole Paus fekk ein ny funksjon og verdi for mange. Politikarane våre vart samde om å halde borgfred til langt inn i den ordinære valkampperioden, og fleire av dei gav uttrykk for at dei no ville passe ekstra godt på språkbruken sin. Det har òg hendt at vi har late orda vente – og vore saman om ein minutt i stille eller søkt trøyst i musikk eller andre kunstuttrykk.

Vi har fått ei påminning om kva verdi språket har for oss. I kvardagslege situasjonar tek vi gjerne språket for gitt og synest ikkje det er så viktig. Men når vi står sårbare framfor noko uvant, blir vi òg meir merksame på kva kraft språket har.

Mange leitar etter konstruktive vegar vidare etter tragedien som ramma landet. Kan hende det nye medvitet om språk òg kan vere noko å ta med seg vidare? I kvardagen har vi òg godt av å reflektere over språket vi bruker. Tilpassar eg meg tid, stad og adressat? Viser eg andre den respekten eg sjølv ynskjer å bli møtt med? Kunne eg gjort meg litt umak for å finne ei endå betre formulering?

Som vanleg har vi òg i dette nummeret av Språknytt sett saman eit breitt knippe tekstar for deg, til nytte og vonleg til glede. God lesnad!


Venleg helsing

Arnfinn Muruvik Vonen

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter