Kort


Språkrådet er no på Facebook og Twitter!

I september lanserte Språkrådet Facebook-side og Twitter-profil. Dersom du blir tilhengjar av Facebook-sida vår, får du aktuelle nyheiter frå oss, og du kan diskutera med andre språkinteresserte. Dersom du følgjer oss på Twitter, kan du stilla språkspørsmål og få med deg kva andre lurar på.

Bakgrunnen for at du no finn Språkrådet i sosiale medium som Facebook og Twitter, er dei prioriterte arbeidsformene i den overordna strategien for arbeidet vårt: meir samfunnskontakt, meir éin-til-mange-rådgjeving og meir publikumstilgjengeleg hjelp. I tillegg til å informera og opplysa skal Språkrådet kommunisera i vid forstand, noko tovegskommunikasjonen i sosiale medium gir rom for.

Her finn du oss på Facebook og Twitter.


Språkrådets terminologitjeneste gir ut nyhetsbrev

Språkrådets terminologitjeneste publiserte første utgave av Termposten i begynnelsen av september. Nyhetsbrevet informerer om hva som skjer på terminologifronten i Norge og andre steder, og vil inneholde aktuelt stoff for alle som arbeider med eller interesserer seg for terminologi. Nyhetsbrevet skal komme ut tre ganger i året. De som ønsker å abonnere på Termposten, kan sende en e-post til term(a)sprakradet.no med «Abonnement nyhetsbrev» i emnefeltet. Her kan du lese Termposten på nettet.


Språkdagen 2011: norsk språkpolitikk

Språkrådet inviterer til sin årlige språkkonferanse 15. november, denne gang i Oslo Konserthus. Det er Språkrådets fagråd for samfunn og høyere utdanning som er ansvarlig for programmet.

Arrangementet er gratis, med påmeldingsfrist 1. november. Du finner påmeldingsskjema og oppdatert informasjon på denne sida.


Diplom for godt navnevett

Språkrådet skal igjen dele ut diplomer til bedrifter og foretak som har valgt gode norske navn. Vi ber om tips på verdige kandidater og setter spesielt pris på navn med dobbelt betydning, navn som er litt underfundige eller poetiske, navn med lokal tradisjon, og gjerne navn som fremkaller smil og latter.

Eksempler på foretak som har fått diplom: Perlevenner, Den Kule Mage, Tanngarden, Kreative Typer, Det lille under, Rens på flekken, Gira Trafikkskole, Nordvestmassasjen. Forslag kan sendes til post@sprakradet.no. Se også nettsidene våre.


Nysgjerrigpers språkpris

Er du lærar i barneskulen, eller kjenner du ein lærar? Har du elevar som lurer på ymse saker og vil finne svar? Då er Årets nysgjerrigper løysinga. Årets nysgjerrigper er ein konkurranse for elevar i barneskulen, og alle deltakarane får premie.

Språkrådet lanserer i år Nysgjerrigpers språkpris. Prisen blir delt ut av Språkrådet i samarbeid med Årets nysgjerrigper. Nysgjerrigpers språkpris går til eit prosjekt der forskingstemaet er eit språkleg emne. Les meir om Nysgjerrigpers språkpris på Språkrådets nettsider om prisen eller på www.nysgjerrigper.no.


Nytt på nettsidene

Liste over fagordbøker

Gjennom åra er det gitt ut ei rad norske fagordbøker, og det er ikkje alltid lett å vite kva som finst. No får du hjelp av terminologitenesta, som har laga ei oversikt over fagordbøker som er gitt ut i Noreg. Du finn lista over fagordbøker her.

Datatermliste

Saknar du norske alternativ til engelske dataord? Resultata frå dei første diskusjonsrundane til Språkrådets datatermgruppe er no offentleggjorde, og på nettsidene til Språkrådet finn du forslag til norske datatermar. Du finne Datatermlista her.

Termlister og termbasar

Terminologitenesta har samla lenkjer til ein del norske, nordiske og internasjonale termlister og termbasar. Vi gjer merksam på at Språkrådet ikkje har vurdert den språklege kvaliteten på desse listene og basane. Vi tek heller ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenkje til. Her finn du lenkjesamlinga.


Seminar: norskfaget under lupa

Læreplanen i norsk skal endrast, og norskfaget er igjen under debatt. Språkrådet og Utdanningsforbundet inviterer norsklærarar til seminar i Oslo 7. november.

Program:

  • Eit heilskapleg norskfag v/Ove Eide, leiar for fagrådet for skole og offentleg forvaltning i Språkrådet
  • Utfordringar i norskfaget v/Bente Aamotsbakken, Høgskolen i Vestfold
  • Grunnleggjande ferdigheiter v/Ingrid Metliaas, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Læreplanen som «verneplan» v/Torill Steinfeld, Universitetet i Oslo
  • Det nordiske perspektivet v/Bodil Aurstad, Nordisk språkkoordinasjon, København
  • Språklege minstekrav og sidemålet sin plass i skolen v/Synnøve Matre, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Elevperspektivet v/Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen
  • Diskusjon

Språkrådet fekk hausten 2010 gjort ei undersøking blant norsklærarane, og resultata viser at lærarane si haldning til sentrale emne samsvarer eintydig med graden av kompetanse: Dei som er negative til emne som undervisning i sidemål og nabospråk, oppgir at dei har liten eller ingen kompetanse i å undervise i desse fagområda.

Vel møtt!

Utover hausten vil Språkrådet åleine eller saman med andre arrangere andre diskusjonsmøte og seminar om same tema andre stader i landet. Følg med på nettsidene våre.


Artikler av Vigleik Leira samlet i bokform


Vigleik LeiraMange som har fulgt med i Språknytt en stund, vil huske Vigleik Leira som forfatter av en rekke artikler i bladet opp gjennom årene. Leira, som døde i fjor, arbeidet i Språkrådet fra 1975 til 2001,
og ikke så rent få av alle dem som var i kontakt med Språkrådet i denne perioden, har nok snakket med ham på telefon eller fått råd av ham pr. e-post.

Vigleik Leira skrev mye om ulike språklige emner også utenom arbeidet i Språkrådet. Før sin død hadde han gjort ferdig et utvalg av artikler som han ønsket å få utgitt i bokform. Dette utvalget er nå kommet som bok på Novus forlag med tittelen Grammatiker og bryggearbeider. Artikler om språk og språkbruk av Vigleik Leira. Boka inneholder både teoretisk pregede artikler, særlig om grammatiske spørsmål, og mer praktisk-populært stoff.

Leira var blant annet en pioner når det gjaldt registrering av nyord i norsk, og boka inneholder også artikler om dette interessante og populære emnet.


Lærebok i terminologi

I 2010 kom læreboka Ordning och reda. Terminologilära i teori och praktik av Anita Nuopponen og Nina Pilke (Norstedts 2010, 218 s.). Forfattarane er begge sentrale aktørar i nordisk terminologi.

Boka byggjer på svensk språkmateriale og er dermed lett å tilpassa til ein norsk undervisningssituasjon. Ho dekkjer dei sentrale områda omgrep og omgrepslære, definisjonar og termdanning, og viser gangen i eit terminologiprosjekt. Den andre halvdelen er sett saman av artiklar der bidragsytarane går djupare ned i utvalde aspekt. Boka har òg fyldige og oppdaterte oversikter over terminologisk faglitteratur. I form er boka relativt lite teknisk, men er likevel prega av innsikter og synspunkt frå nyare forsking.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter