Mykill lykill

Adjektivet mykill og substantivet lykill er heilt vanlege norrøne ord. Mykill finst i dag truleg berre som forledd i nokre stadnamn, til dømes MyklebostadMyklegard og Myklemyr, og i forvanska form i Nøklevann og Nøkleby

I delar av Noreg har nok adjektivet mykill, som òg kan heita mikill, gått av bruk tidleg, elles hadde truleg ikkje mykli- i samansette ord blitt forvanska til nøkle-. Folk nå for tida må jo tru at det har med nøkkel å gjera.

Haraldr inn harðráði, som døydde i 1066, tenestgjorde i mange år i den store greske byen som vikingane kalla Mykligarðr. Det norrøne namnet kan vera ei beinveges omsetjing av det greske ordet megalopolis, for megalos tyder ’stor’, og polis tyder ’by’. Men det offisielle greske namnet på byen var Konstantinopolis. Ei forkrøpla utgåve av det bynamnet er Istanbul. Heime i Noreg kjende Haraldr kan henda til garden Myklibør, som tyder ’Storgarden’, for mykill tyder ’stor’. Nøkleby tyder såleis ’Storgarden’.

Haraldr kunne gresk, så han visste sjølvsagt at gresk megalos og norrønt mikill tydde nett det same. At dei to adjektiva hadde same historiske opphav, tenkte han truleg ikkje på, men det gjer me når me ser på denne samanlikninga:

gresk:    m - e - g - a - l - o - s
norrønt: m - y - k - i - l - 0 - l

Lykill heiter lykel på nynorsk, men kan også heita nykel, eller nøkkel, som på bokmål. Lykill tyder altså ’nøkkel’, og da tyder mykill lykill ’stor nøkkel’. Forvanskinga av lykill til nykill er noko underleg, for det norrøne verbet at luka, som tyder ’å låsa’, heiter ikkje å nuka på moderne norsk.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter