Minoritetsspråklege elevar – ein ressurs for nynorsk!

AV TORILL WIIGER TØRJESEN

Torill Wiiger Tørjesen– Tror dere lærere at vi er dummere enn andre elever?

Det gjekk ein støkk gjennom læraren. Kanskje trudde ho det? Hadde ho også fordommar?

Det var den gongen elevar med anna morsmål kunne bli fritatt for vurdering i nynorsk. Som regel fekk dei heller ikkje opplæring i nynorsk. Det var betre at dei blei tatt ut av klassa for å lære meir bokmål, tenkte skulen. Samstundes meinte mange minoritetsspråklege elevar at denne fritaksretten var diskriminerande.

Ifølgje opplæringslova skal alle elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen i dag ha opplæring og vurdering i nynorsk – uansett etnisk bakgrunn. Myndigheitene har faktisk tatt omsyn til elevane sine meiningar.

Dei minoritetsspråklege elevane kan mange språk og er vane med å skifte språk heile tida, og dei er vane med å samanlikne språk. Dei kan ofte fem språk, til dømes arabisk, urdu, norsk, engelsk og fransk. Det tyder sjølvsagt ikkje at alle elevane kan språka dei seier at dei meistrar, like godt. Men svært mange er språkmektige og utgjer ein ressurs for samfunnet. Mange av dei har òg ei særs god språkforståing.

Dei fleste minoritetsspråklege elevane har ei positiv haldning til nynorsk i motsetnad til mange majoritetsspråklege elevar. Dei er svært nysgjerrige på norsk kultur, og dei stiller tidleg spørsmål om kvifor vi har to variantar av norsk skriftspråk. Når elevane stiller spørsmål som dette, er det lett å lose dei gjennom kulturhistoria vår, noe som igjen bidrar til at dei får kjennskap til mange av kodane i samfunnet. Spesielt for minoritetsspråklege elevar er nynorskopplæringa ei dør til dei kulturelle referansane våre, som mange ikkje har frå før. Dette er positivt i eit integreringsperspektiv.

Dei minoritetsspråklege elevane ser Noreg som sitt heimland. Dei skal leve livet sitt her, stifte familie, få barn, delta i tradisjonar og bli lykkelege i landet. Kanskje vil språkdebatten snu no som minoritetsspråklege elevar får oppleve heile norskfaget med sine to skriftlege språkvariantar. Nynorsk blir i alle fall meir allmenngjort, og kanskje vil fleire ungdommar få ei meir positiv haldning til nynorsk.

Abdi går på ungdomsskulen. Han er fødd i Noreg, og han og familien hans budde i Stavanger til han var ni år. Deretter flytta dei til Oslo. Dette har fått konsekvensar. Abdi vekslar mellom tre ulike talespråk:

– Når jeg snakker med slekt, så snakker jeg urdu. Når jeg snakker med litt yngre slekt, så snakker jeg stavangersk, og når jeg snakker med folk i Oslo, så snakker jeg så klart Oslo-dialekt.

Vi som jobbar i skulen, må innsjå at dei minoritetsspråklege elevane er ein ressurs og ikkje eit problem.

 

-- Torill Wiiger Tørjesen er lektor og medlem av fagrådet for skole og offentleg forvaltning i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter