Er du ein nysgjerrigper?

Er du i tillegg lærar, eller kjenner du ein nysgjerrig lærar, må du lese vidare. Neste skuleår lanserer nemleg Språkrådet ein ny språkpris for nysgjerrigperar.

AV NINA TEIGLAND

NysgjerrigperSpråkrådet skipar ein språkpris for unge språkforskarar saman med Nysgjerrigper-tiltaket til Noregs forskingsråd. Språkprisen skal delast ut i den årlege forskingskonkurransen for barn, Årets nysgjerrigper.

Nysgjerrigper arbeider for å fremje forskartrong og fantasi blant barn og unge. I Årets nysgjerrigper får barna forske sjølve, og dei konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Språkprisen er eit samarbeid mellom Nysgjerrigper og Språkrådet som vi vonar vil heve interessa for språk og språkforsking blant deltakarane i konkurransen.

Premie og diplom til alle

Kvart år deltek omkring 2000 elevar i konkurransen. Rundt om i landet spør engasjerte lærarar elevane om kva dei lurer på, slik at dei kan utforske spørsmålet og levere inn ein forskingsrapport til Årets nysgjerrigper.

Grupper av elevar frå barneskulen kan delta i konkurransen. Alle som deltek, får diplom og premie og tilbakemelding frå juryen. Dei ti beste prosjekta får Nysgjerrigper-pris – og nytt frå 2012 er at éin av dei er ein språkpris.

Kunnskap om språk

Vi bruker språket anten vi les, skriv eller snakkar. Nokre eksempel på emne som kan utforskast av nysgjerrigperar, er namn på personar og stader, slang og dialektar og språk og teknologi. Utfordringa til elevane er å vise korleis ein skaffar seg kunnskap om språk og språkbruk.

Nysgjerrigper har utvikla ein metode for forskinga. Det gjeld å finne ut kva ein lurer på, leggje ein plan for korleis ein skal finne svara, og så hente inn opplysningane. Til slutt oppsummerer og presenterer ein det ein har funne ut.

I 2010 var det til dømes ei gruppe elevar frå Tokke skule som lurte på kvifor det var så mykje skrivefeil i norskbøkene deira. Dei planla, forska og oppsummerte og besøkte Språkrådet for å vise fram funna sine. Løn for strevet fekk dei då prosjektet kom til finalen i Årets nysgjerrigper.

Språk i alle fag

Med læreplanverket for Kunnskapslyftet blei det innført fem grunnleggjande ferdigheiter som skuleelevane skal utvikle gjennom arbeidet sitt i alle fag. Desse ferdigheitene er å kunne lese, å kunne skrive, å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy. Arbeid med språk inngår i alle fag i skulen, og derfor kan ein få språkprisen uansett kva fag ein arbeider med. Nysgjerrigpers språkpris går til eit prosjekt der eit språkleg emne blir utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller tilhøvet mellom norsk og andre språk.

Nysgjerrigpers språkpris går til …

Årets nysgjerrigper blir kåra kvart år. Konkurranseheftet for 2012, der Språkprisen blir lyst ut for første gong, blir sendt til alle skular i juni i år. Kven som vinn Nysgjerrigpers første språkpris, veit vi i juni 2012. Følg med på nettsidene til Språkrådet og på nysgjerrigper.no.

Språkspalte på nett

Språkrådet og Nysgjerrigper skal òg samarbeide om ei språkspalte på nettsida nysgjerrigper.no. Her kan barn få svar på spørsmål dei har om språk, og lese om kva som skjer i språkforskinga. Nysgjerrigper.no er ein nettstad for barn om vitskap og forsking. Her kan ein lese om store oppdagarar, arkeologi, verdsrommet, rare dyr, kupromp og mykje meir. Ein kan òg lære korleis ein kan lage sin eigen softis eller gjennomføre andre spennande eksperiment.

 

-- Nina Teigland er samfunnsrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter