Korleis har norsklærarar det med faget sitt?

Fagrådet for skole og offentleg forvaltning i Språkrådet har ofte drøfta spørsmål knytte til norskfaget, men har sett at det manglar fakta om kva norsklærarane meiner. Difor tok fagrådet initiativ til ei undersøking der norsklærarar fekk uttale seg om ulike delar av faget.

AV TORBJØRG BREIVIK OG OVE EIDE

Synovate fekk oppdraget og sende ut eit elektronisk spørjeskjema til i alt 1608 skolar. Det kom inn 1594 svar fordelte på 1131 svar frå vidaregåande skolar (280 skolar av 435 totalt) og 463 svar frå ungdomsskolar (245 skolar av 1210). I utvalet er lærarar frå vidaregåande skolar og skolar med mange elevar overrepresenterte, men resultata er vekta for skoleslag og storleik.

Trivsel og arbeidsmengd

Eit hovudresultat i undersøkinga er at norsklærarane likar å undervise i faget, og at dei trivst godt saman med elevane, men tykkjer at arbeidsmengda er stor. For mange heng nok det siste saman med at dei skal setje tre karakterar i norskfaget. På eit debattmøte i Språkrådet om resultata frå undersøkinga understreka ein representant for Elevorganisasjonen at læringsprosessen hos elevane må prioriterast framfor talet på skriftlege innleverte arbeid (produksjon). Han tykte det var skremmande å høyre at mange lærarar opplever vurderingsarbeidet som ei byrde, for han såg det slik at nettopp vurdering og tilbakemeldingar er grunnlaget for læreprosessen til elevane. Eit anna poeng frå Elevorganisasjonen var at læreplanane burde vere leselege for elevane også, slik at dei forstår kva dei skal lære på dei ulike årsstega. Ein heilskapleg læreplan og ei norskopplæring med tydeleg progresjon er nødvendig for å skape motivasjon og interesse hos elevane. Slik praksis er no, mister altfor mange elevar motivasjonen gjennom det 13-årige skoleløpet. Undersøkinga viser då også at norsklærarane opplever at elevane på ungdomssteget er meir motiverte og arbeidsame enn elevane i den vidaregåande skolen.

Utdanningsdirektoratet har starta arbeidet med å gå igjennom læreplanane, og eit forslag til revidering skal vere klart til høyring hausten 2012. Resultata frå haldningsundersøkinga er viktige innspel til dette arbeidet.

Utdanning, erfaring og kompetanse

Resultata frå undersøkinga stadfestar dei skilnadene vi trudde fanst mellom lærarar i ungdomsskolen og lærarar i den vidaregåande skolen når det gjeld norskfagleg kompetanse. I ungdomsskolen er det fleire lærarar som underviser i norsk utan anna norskfagleg utdanning enn det dei har frå den vidaregåande skolen. Lærarane meiner at norskfaget er viktig, men dei vektar emna i faget svært ulikt, og dei rapporterer om varierande kompetanse i emna. På debattmøtet om undersøkinga viste professor Frøydis Hertzberg frå Universitetet i Oslo til funna frå evalueringa av Kunnskapslyftet. Ho meinte at særleg «grunnleggjande ferdigheiter» (lesing, skriving, munnleg språk) er uklart formulerte i læreplanen slik han no er. Særleg uklart er det korleis ein skal arbeide med dei på ein strukturert måte, og om hovudansvaret ligg eller skal liggje hos norsklæraren.

Kompetanse i og haldning til målformene

Læreplanen jamstiller bokmål og nynorsk i skolen, medan eksamens- og vurderingsordningane skil mellom hovudmål og sidemål. Når vi spør dei som underviser i norsk, om dei er samde i jamstillinga mellom nynorsk og bokmål i læreplanen, får vi nokre overraskande svar. Nesten halvparten (48 %) av dei som svarte, er usamde, medan 39 % er samde. Norsklærarar med nynorsk som sitt private hovudmål er mest positive til jamstilling mellom målformene, og desse lærarane har lang norskfagleg utdanning (og arbeider i den vidaregåande skolen).

Ser vi nærare på dei lærarane som har bokmål som si private målform, blir biletet meir nyansert, og gruppa kan delast etter kompetanse. Gruppa som meiner at dei har høg kompetanse i nynorsk som sidemål, meiner at sidemålsundervisninga er viktig, at alle bør kunne lese og skrive nynorsk, og at ein skal undervise i nynorsk på alle årstrinna i ungdomsskolen og i den vidaregåande skolen. Blant dei lærarane som rapporterer at dei har låg kompetanse i nynorsk som sidemål, er det fleire enn sju av ti som meiner at det er tilstrekkeleg at ungdomsskoleelevar kan lese nynorsk. Motstanden mot sidemålet (nynorsk) kjem òg til uttrykk ved at heile 71 % meiner at denne delen av undervisninga er lite viktig.

Undersøkinga viser at det er samanheng mellom høg utdanning og lang erfaring og korleis ein vurderer dei ulike emna i norskfaget. Kunnskap om språk- og litteraturhistorie, forståing og tolking av tekst og undervisning i sidemålet blir sedd på som viktigare jo høgare utdanning og lengre erfaring lærarane har. Det er også ein klar samanheng mellom låg kompetanse i sidemålet og negativ haldning til jamstilling mellom målformene og det å undervise i sidemål. Det er i ungdomsskolen vi finn majoriteten av lærarane med kort utdanning og låg kompetanse i norskfaget.

Kva emne er viktige?

Undersøkinga viser at det er brei semje om at munnlege og formelle skriftlege ferdigheiter er svært viktige, medan kunnskapar om samansette tekstar og kunnskapar om språk- og litteraturhistorie er ei aning mindre viktige. Det er påfallande at det er færre av lærarane i den vidaregåande skolen, studieførebuande program, som meiner at formelle skriftlege ferdigheiter er svært viktige. Ei mogleg tolking av dette resultatet kan vere at lærarane i den vidaregåande skolen reknar med at elevane skal ha gått gjennom desse emna tidlegare i skoleløpet og har tilstrekkelege kunnskapar frå før.

Kompetanse i ulike emne

Lærarane blei spurde om sin eigen kompetanse i hovudområda i læreplanen: skriftlege tekstar, språk og kultur, munnlege tekstar og samansette tekstar. Få opplever at dei ikkje har kompetanse i emna i det heile, men graden av kompetanse varierer. Det er ei stor gruppe lærarar som oppgir at dei berre i nokon grad har kompetanse i samansette tekstar. Norsklærarane på ungdomsskolenivå og dei med lite erfaring (under fem år) skil seg ut ved at få av dei meiner dei har god kompetanse i hovudemna i læreplanen. Det er også i denne gruppa vi finn dei med kortast utdanning i norskfaget.

Nabospråkundervisning

Ein nordisk språkkampanje blei initiert av den islandske formannskapen i Nordisk råd i 2009 og sett i gang hausten 2010. Målet er å styrkje nabospråkforståinga blant barn og unge i Norden. Bakgrunnen for kampanjen er at undervisning i nabospråka er emne i læreplanane i alle dei nordiske landa. Språkrådet har vore involvert i ei undersøking som viser at ungdom i mindre grad enn tidlegare forstår språka i nabolanda. Det var difor naturleg å undersøkje kva lærarane meiner om emnet, og om dei kjenner seg kompetente til å undervise i det.

Litt over ein tredel av lærarane (35 %) meiner at dei har god kompetanse til å undervise i nabospråka, men fleirtalet (58 %) oppgir at dei berre i nokon grad har tilstrekkeleg kompetanse på området. Resultata viser òg at 8 % oppgir at dei ikkje har kompetanse i nabospråk, eller at dei ikkje veit om dei har det. Undervisninga i nabospråk blir også oppfatta som mindre viktig enn andre emne.

Konklusjon

Undersøkinga stadfestar at det er ein samanheng mellom utdanning, haldning til innhaldet i norskfaget og opplevd undervisningskompetanse. Norsklærarane trivst med faget sitt og med elevane, men meiner at arbeidsmengda er for stor. Funna i undersøkinga er viktige innspel i debatten om revisjonen av norskfaget, om kva innhald og omfang faget skal ha. Men like viktig er diskusjonen om kva kompetanse lærarane har, og kva som kan gjerast for å setje dei i stand til å undervise i dei emna planane faktisk seier at dei skal undervise i. Både i grunnutdanninga for lærarar og i tilboda om etter- og vidareutdanning for norsklærarane er det særleg viktig å styrkje opplæringa i nabospråkundervisning og i nynorsk.

 

-- Torbjørg Breivik er seniorrådgjevar i Språkrådet og medlem av fagrådet for skole og offentleg forvaltning. Ove Eide er leiar av fagrådet for skole og offentleg forvaltning, til dagleg norsklærar og leiar for utvikling og fornying ved Firda vidaregåande skule på Sandane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter